Utdanning
13.01.2017
I refleksjonar over arbeidet vårt må vi forsøke å løfte oss ut av kvardagen og inn i ei verd av idear og verdiar. Dette er eit innlegg i ein debatt vi må gå meir inn i.
Når det gjeld vår profesjonalitet som lærarar og behovet for gjennomtenking, har fleire fenomen aktualisert dette i den seinare tid. Det handlar mellom anna om kva roller vi som lærarar skal fylle. Vert det for mange uromoment omkring undervisninga, mistar vi fokus og vi mistar kontinuiteten, og vi endar opp med å gjera vår profesjonalitet ringare. Stundom må ein berre gjere det ein må og la resten gå sin gang. Dette har med utvikling av intuitiv forståing å gjere, og å verte i stand til å feste lit til eiga tenking. Ralph Waldo Emerson problematiserer dette i artikkelen «Self-Reliance».
Kva retning går vi i som lærarar? Er vi i ferd med å verte meir solide, autonome fagpersonar eller funksjonærar? Kan vi etter kvart finne ein manual å slå opp i når vi lurer på kva vi skal gjere? Kan vi seie at vi gjorde som vi fekk beskjed om, når vi har vore i klasserommet, eller ikkje? Dersom ikkje, må det liggje ein eller annan refleksjon i botnen for vårt arbeid. Kvar er vår bevisstheit om denne refleksjonen? Har vi det rommet som er naudsynt for å utvikle denne tenkinga, omkring oss?
Møter vi elevane på same måte i dag som for tjue år sidan? Er det den same mentaliteten vi arbeider med i klasseromma? Kva bakteppe har vi for eksempel for våre vurderingar omkring sjølvpålagt sensur? Den franske sosiologen Pierre Bourdieu har tematisert underliggjande maktforhold som gjer utviklinga av kommunikativ kompetanse vanskeleg.
Korleis tenkjer vi omkring tidsperspektivet, eleven som eit potensial, og omfanget av det å endre sin karakter? Tilgjeving og tolmod er sentralt her. Og vi kan snakke om det tredje element i pedagogikken. At vi, saman med eleven, kan samle oss om noko som ikkje er eleven. Nokre kan få auka sjølvvørdnad gjennom fagleg meistring. Sjølvkontroll og tolmod med seg sjølv i ein endringsprosess kan ein kanskje få betre til ved for eksempel sportslege aktivitetar enn ved å snakke om vanskar eleven har. Vi må stundom la problema liggje for å unngå det påtakelege. Finn vi den roa vi må ha for at slike, litt lengre perspektiv kan få utvikla seg? Stundom skal vi presse på, og presse litt til, men andre gonger er vi i bransjen for å glatte over. Ofte gjeld kjærleikens gjerningar.
Men kanskje i dag bar du blomar inn - Helg over kvardagsbordet - smilte til den du var nær, rørde ved barnekinn og var kjær, kviskra du lukkeordet Signe Seim
Frå sentralt hald, via Rattsø-utvalet, kjem det snikande eit krav om å bruke produktivitet og effektivitet som sentrerin
Gå til medietKva retning går vi i som lærarar? Er vi i ferd med å verte meir solide, autonome fagpersonar eller funksjonærar? Kan vi etter kvart finne ein manual å slå opp i når vi lurer på kva vi skal gjere? Kan vi seie at vi gjorde som vi fekk beskjed om, når vi har vore i klasserommet, eller ikkje? Dersom ikkje, må det liggje ein eller annan refleksjon i botnen for vårt arbeid. Kvar er vår bevisstheit om denne refleksjonen? Har vi det rommet som er naudsynt for å utvikle denne tenkinga, omkring oss?