Da Statsbygg i slutten av juni presenterte sitt forslag til reguleringsplan for nytt regjeringskvartal, skapte det sterke reaksjoner i fagmiljøet. Arkitektnytt oppsummerte debatten før ferien på følgende vis.
Midt i fellesferien, 21. juli, sveivet Even Smith Wergeland, postdoktor ved Høgskolen i Oslo og Akershus, igang debatten på nytt, da han i kronikkform tok for seg sikkerhetsaspektet ved planleggingen av regjeringskvartalet. Han mener debattklimaet etter terroraksjonen 22. juli 2011 er prega av at det er vanskeleg å kome med motførestillingar til den tryggleikslogikken som har vorte utforma i etterpåklokskapens lys. Tiltak mot terror har ein tendens til å kome i konflikt med førande prinsipp for god byforming. Færre høghus og større suburbia, som foreslått i USA, er den rake motsetnaden til rådande visjonar om kompakt byutvikling. I Oslo-samanheng er det intensiverte fokuset på tryggleik i ferd med å overskygge andre gode intensjonar, til dømes om opne rom, personmobilitet og tilgang til viktige bygningar.
Ifølge Smith Wergeland har 22. juli bana veg for ein slags nymodernisme i Oslo ikkje stilmessig, men mentalt. Sjølv om Høgblokka no skal sk�