AddToAny

Satsar på meir fag

Ved Garnes skule skifta dei fokus frå dei som strever med læring, til å gje fleire meir avansert stoff. Det har alle tent på.
Etter at femteklassingen Malvin Olai Myklebust valde høgare vanskegrad i matematikken, merka han at faget blei gøyare.
- Eg har likt veldig godt å få flei e utfordringar, seier han.
Og nettopp dette var teorien til forskargruppa ved NLA Høgskolen, som i 2016 begynte å jobbe med tilpassa opplæring for elevar med stort læringspotensial.
- Meir fag, meir avansert stoff og større faglege utfordringar kan vere vegen til høgare trivsel og betre sosial funksjon for ein del elevar, seier Inge Andersland, som ledet NLA-forskargruppa. Han er førsteamanuensis i religion, livssyn og etikk (RLE) ved Høgskulen på Vestlandet.

Nøkternt mål
Garnes skule var ein av to Bergen-skular som gjennom eit toårig Dekomp-prosjekt (Desentralisert ordning for kompetanseutvikling) samarbeidde med NLA Høgskolen om å utvikle undervisning spesielt tilrettelagt for elevar med stort læringspotensial. Skulen sette seg eit nøkternt mål: På to år skulle dei bli litt betre i å tilpasse til elevar med stort læringspotensial - og det trudde dei alle elevane ville tene på.
- Det målet hjelpte oss til å senke skuldrene, seier Ole Bjelland Jacobsen, kontaktlærar på 7. trinn.
Han føler ikkje at prosjektet har revolusjonert korleis han underviser. Det er heller snakk om små justeringar. Samtidig merker han at han og dei andre lærarane har fått eit endra tankesett, både når dei prøver å forstå elevane, og når dei planlegg undervisninga.
Karianne Ekeberg Garnes, kontaktlærar på 3. trinn, seier seg einig.
- Før har vi hatt absolutt mest fokus på dei som strever med læring. Det er flei e ting vi gjer annleis no, spesielt det at vi tenkjer meir på at elevane kan ha stort læringspotensial, seier ho.
- Elevane kan skilje seg ut på eitt eller anna vis. Dei kan vere rastlause, lære på ein annan måte, vere kritiske, kjede seg, ramsar ho opp.
Jacobsen fortel om korleis elevane kan tenkje annleis og løyse ting på heilt andre måtar enn det som er venta.
- For all del, gjer det på din måte, seier han til elevane då.
Nokre gongar lar han elevane sjølv velje om dei vil følgje undervisninga eller lære seg stoffet på eiga hand.

Godtar at elevane veit meir enn dei
Lærarane lar gjerne elevane med stort læringspotensial gå fort fram, droppe repetering og fordjupe seg i tema dei interesserer seg for
Gå til mediet

Flere saker fra Utdanning

En aksjon blant lærerne i Trondheim avdekket lovbrudd, alvorlige voldshendelser og en stor bemanningskrise. Men løsningene har latt vente på seg.
Utdanning 17.10.2025
Det kan ikke gis et generelt svar på hvilke endringer som vil kunne representere en endringsoppsigelse. Det må vurderes for den enkelte avtale.
Utdanning 17.10.2025
Folkehøgskole kan bidra til at mange finner rett vei videre i utdanning eller arbeidsliv.
Utdanning 17.10.2025
Etter et tiår med store reformer i skoleverket konstaterer finansminister Karl Eirik Schjøtt-Pedersen (Ap) at kvaliteten i skolen ikke er god nok. [...
Utdanning 17.10.2025
Dersom alle skal ha lik mulighet til å lykkes, bør skolen fokusere mindre på drøfting og mer på konkret faglig innhold.
Utdanning 17.10.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt