Norsk Landbruk
11.09.2025
BJERKREIM: Når han arrangerer turar til Afrika, byr han på safari med elefantar, giraffar og løver. Heime i Lauperak vil Arvid begynna med kusafari.
Då Arvid Mæland kom flyttande til Lauperak for fem år sidan, hadde han med seg kyr av tre forskjellige rasar. I den 80 dyr store besetninga han har i dag, er det ikkje mindre enn 20 rasar.
- Eg har vore interessert i kyr heile livet og er ein del av eit kumiljø. Då eg var 17 år, reiste eg til Røros og Dombås og kjøpte eit lass med sida trønderfe som blei selt på Jæren. Livet med ku, det er det som er det gode liv, slår Arvid Mæland fast.
Fleire av rasane som er representerte på innmark og utmark i Lauperak, er bevaringsverdige. Dei seks storferasane her til lands som er definerte som bevaringsverdige, er telemarksfe, vestlandsk fjordfe, vestlandsk raudkolle, sida trønderfe og nordlandsfe (STN), dølafe og austlandsk raudkolle. Av desse er det berre vestlandsk raudkolle som manglar i Lauperak.
GAMMALNORSKE RASAR
Det er ikkje det ekstra tilskotet han får for dei bevaringsverdige rasane, som er motivasjonen til Mæland.
- Eg samla på kurasar då eg budde i USA òg. Då hadde eg eit par og tjue. Med tida håper eg å få samla alle dei cirka 30 rasane som finst i Noreg, fortel han.
Dei siste tiåra har det vore ei sterkt aukande interesse for gamle norske kurasar. Tidleg på 9
Gå til mediet- Eg har vore interessert i kyr heile livet og er ein del av eit kumiljø. Då eg var 17 år, reiste eg til Røros og Dombås og kjøpte eit lass med sida trønderfe som blei selt på Jæren. Livet med ku, det er det som er det gode liv, slår Arvid Mæland fast.