Lausdriftskravet nærmar seg. I fleire år har det vore fokus på mjølkebruka med 15 - 30 kyr.
Denne gruppa er også blant dei som er særskilt prioritert hos Innovasjon Norge når det skal delast ut investeringsmidlar.
Nå roper Hogne Bjørkelund, leiar i Tyr Sogn og Fjordane, varsku om at ein ikkje må gløyme ammekubruka med 15 - 30 kyr.
- Mjølk er valdsamt viktig, men vi har same problemstilling for ammekyr, også, seier han.
- Det er ei stor utfordring for dei som skal byggje til ammekyr, å få økonomi i prosjekta for 15 - 30 kyr. Det er ein god del som ynskjer å byggje, men som ikkje får økonomi i det. Dei må opp i eit større antal dyr. Men dei ynskjer berre å bruke sitt eige areal og sine eigne ressursar. Det er vanskeleg å få til, slik det er no, fortel h