Slakteindustrien i fleire europeiske land har kapasitetsproblem på grunn av at dei har fått inn smitte blant arbeidarane. Russland har stansa all korneksport fram til 1. juli og Vietnam har stansa eksporten av ris. I Aust-Afrika har ørkengrashoppene formeira seg kraftig og store svermar kan øydelegge avlingane i seks austafrikanske land. No skjelv styresmaktene på heile det afrikanske kontinentet med tanke på at spreiinga av koronaviruset berre er i startfasen.
Ei ulykke kjem sjeldan åleine. I USA ser bønder seg nøydt til å dumpe mjølk og knuse egg ettersom hotell- og restaurantbransjen ikkje lenger tek imot matvarer. Fleire nasjonale og til og med internasjonale matvaresystem slår sprekker, så kanskje det går mot eit samanbrot? Det norske matvaresystemet har vist seg å vera robust så langt under koronakrisa, med få flaskehalsar. Med unntak av usikker tilgang på utanlandsk arbeidskraft,