AddToAny

Salmonellamarerittet ramma folk og dyr

Salmonellamarerittet ramma folk og dyr
Hausten 2014 opplevde Arvid og Wenche Løne på Voss noko av det verste som kan ramma gardsdrifta. Dei vart ramma av salmonella, ein rapporteringspliktig gruppe B sjukdom som gjorde at garden vart bandlagt med mange restriksjonar.
Arvid og Wenche Løne mista 11 kalvar, fleire familiemedlemmar vart sjuke og folk kvidde seg for å ta kontakt fordi dei var redde for å bli smitta. - Det gjekk bra, men eg unner ikkje min verste fiende denne opplevinga, seier den sindige bonden Arvid Løne.



Mista 3 - 4 kalvar på ei helg Kyrne er avsina om sommaren, og då vert dei sendt på fjellbeite. Når dei kjem heim att om hausten, har dei konsentrert haustkalving, og i kalvingssesongen 2014 var det noko som var aldeles gale. - Me hadde store, fine kalvar som byrja «å henga», fekk feber og voldsom diare og døydde etter kort tid, fortel Arvid. - Dette starta i oktober, og dyrlegane sende inn prøvar to gonger utan at me fann ut av det. På ei helg mista me 3 - 4 kalvar, og i tunet låg det etter kvart ei samling med 8 - 9 daude kalvar som kadaverbilen skulle henta. - Me kvidde oss til å gå i fjøsen, for me visste ikkje kva som venta oss, seier Wenche som er den som har hovudansvaret for kalvestellet. I slutten av november vart Arvid skikkeleg sjuk med høg feber etter å ha vore med på obduksjon av ein daud kalv, som det vart tatt ut salmonellaprøve av, og i byrjinga av desember fekk dei beskjed om at dei var ramma av salmonella.



Både folk og fe vart sjuke Salmonellose er ein zoonose, det vil seia at det er ein infeksjonssjukdom som kan smitta frå dyr til menneske og omvendt. Like etter at prøvesvaret frå kalven var klart, vart sonen til paret veldig sjuk, og han havna på isolat på sjukehuset. I tillegg vart også eit barnebarn til bøndene sjuk, dei skjøna at Arvid hadde hatt salmonellose og Wenche testa positiv for sjukdommen, men vart ikkje sjuk.



Mange restriksjonar og pålegg Salmonella er ein rapporteringspliktig gruppe B sjukdo
Gå til mediet

Flere saker fra BUSKAP

Hos Jarle Mjølhus ble problemet med hasesår og hovne hase løst med vannmadrasser i liggebåsene.
BUSKAP 06.09.2024
Helsesertifikater fra Mattilsynet er en forutsetning for at Geno kan eksportere sæd. Ressursknapphet og manglende vilje til å prioritere denne oppgaven bremser Genos sædeksport.
BUSKAP 06.09.2024
BUSKAP 06.09.2024
Det er sommer! Ett ord som rommer så mye. Forventninger, hvordan blir våren, blir det nok grovfôr, beiteslipp, hastverk og lastverk. Skolefri. Arbeid, definitivt arbeid. Det er absolutt mulig å miste hodet i alle gjøremål.
BUSKAP 06.09.2024
Økonomi og utslepp av klimagassar ved aukande mjølkeavdrått pr. ku.
BUSKAP 06.09.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt