kommunikasjonsrådgiver En artikkel fra NIBIO
Artskart basert på observasjonar kan tyde på at her bur det salamander, men ein tur ut i terrenget slår fast det motsette. Ein tidlegare yngleplass kan vere nedbygd eller attrodd. Observasjonen ein trudde var ein salamander, kan ha vore ei firfisle.
Feil kan skje.
- Rettsvernet til salamanderen kan rett og slett vere trua gjennom mangel på korrekte tal, fortel forskar Christian Pedersen ved Norsk institutt for biovitskap (NIBIO).
Saman med forskarar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA) har han nyleg levert rapporten Tap av ynglelokalitetar for salamander i Norge.
Rapporten tar for seg utviklinga i levevilkåra til storsalamanderen, og kva konsekvensar det har for arten når våtområde og dammar forsvinn. Arbeidet dokumenterer og eit behov for å tenke nytt om kartlegging og vedlikehald av databasar for natur i Noreg.
Storsalamanderhann. Ofte finn vi salamander i tun- eller vatningsdammar, og skogsdammar. Dei er rovdyr som et insekt, meitemark og andre småkryp. (Foto: Leif Åge Strand)
Feil grunnlag for raudlistevurdering?
Nyleg vart storsalamanderen sin status på raudlista justert frå trua til nær trua ifølgje Artsdatabanken. Med omsyn til midlar og merksemd frå ansvarlege myndigheiter, kan dette utgjere stor forskjell i korleis arten blir sett på.
- Det får og konsekvensar for handsaming av arten i planprosessar og utgreiingar, seier Pedersen.
- Ein art som er trua, har langt sterkare vern enn om han er nær trua. Om det i tillegg hefter uvisse ved vurderingsgrunnlaget, er det grunn til uro sjølv om Naturmangfaldlova legg vekt på førevar-prinsippet, legg han til.
Av alle dei 3517 observasjonane som vart analyserte for å gi eit reelt bilete av dagens situasjon for storsalamanderen i Noreg, kunne rundt 70 prosent knytast til eigna ynglelokalitetar. Det er område der salamanderen kan leve, formeire seg og ov


































































































