Bondebladet
04.01.2024
Bøndene er godt nøgde med det ombygde sauefjøset på Stuland gard i Omvikdalen. To rullande fôrbrett fungerer bra i det moderniserte fjøset.
Randi og Sølvi Stuland Steinsletten er systre og har vakse opp på Stuland. Sølvi dreiv garden i Kvinnherad fram til 2018, etter foreldra. Ho hadde mjølkekyr til 2016 og sauer etter det, men det blei tungvint og mykje arbeid å vera åleine om.
Randi og mannen, Raymond Bård Olsen, kjøpte garden, og no driv dei tre i lag, med 120 vinterfôra sauer. Sauebøndene har god hjelp av dei tre sønene til Randi og Raymond.
Det moderniserte sauefjøset, som er bygd i 1973, er på vel 150 kvadratmeter. I tillegg har dei nokre sauebåsar i andre enden av bygget. Her har bukken Nils hatt det travelt med paring dei siste vekene.
To rundar med støtte
Raymond arbeider som takstingeniør for bolig- og landbrukseiendom i Kvinnherad i tillegg, og kona er lærar ved Rosendal ungdomsskule.
- Vi fekk støtte frå Innovasjon Norge, 300 000 kroner, i 2018. Då skifta vi tak og kledning, og gjorde ein del elektrisk arbeid, men måtte utsetja resten fordi arbeidet var
Gå til medietRandi og mannen, Raymond Bård Olsen, kjøpte garden, og no driv dei tre i lag, med 120 vinterfôra sauer. Sauebøndene har god hjelp av dei tre sønene til Randi og Raymond.