AddToAny

Riksantikvaren: Fleire mistar jobben

Riksantikvaren: Fleire mistar jobben
Fylkeskommunane tek over mykje av ansvaret for kulturfeltet som Riksantikvaren har hatt. No vil fleire stillingar ryke.
- Vi fryktar at vi skal miste faste faglege stillingar, seier Bjørn-Håkon Eketuft Rygh, tillitsvald for Forskerforbundet hjå Riksantikvaren.

I samband med regionreforma vil fleire oppgåver som Riksantikvaren har ansvaret for i dag, bli overførte til dei nye fylkeskommunane. Dei tilsette hjå Riksantikvaren har difor i ein lengre periode førebudd overføringa av ein del oppgåver på kulturminneområde til den regionale kulturminneforvaltninga. Men no har dei tilsette grunn til å vere urolege.

- I samband med overføring av ansvar kan det sjå ut til at nokre stillingar blir lagde ned frå staten si side, og at fylkeskommunane no må forhandle om å få nye stillingar. Per i dag er det berre dette vi veit, seier riksantikvar Hanna Geiran. Riksantikvaren er eit direktorat under Klima- og miljødepartementet.

Effektiviseringskutt

Geiran viser til eit brev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til Klima- og miljøverndepartementet.

- Vi er bedne om å finne ut kor mange stillingar vi har brukt på oppgåvene som forsvinn ut til regionane. Sjølv om vi flyttar oppgåver ut til regionane, skal Riksantikvaren utføre andre oppgåver enn i dag, så difor er det også vanskeleg å talfeste kutt og nye behov.

Tillitsvald Rygh ved Riksantikvaren fortel at ABE-reforma (avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma) har ført til årlege kutt i driftsbudsjettet sidan 2015.

- Dette skulle løysast ved naturleg avgang. Men det viser seg at dette ikkje er tilstrekkeleg, seier Rygh og legg til: - Etter ein lang periode med tilsetjingsstopp får vi ytterlegare nedbemanning. Dette er ei belastning for oss tilsette. Vi er midt i førebuingane til oppgåveoverføringa samtidig som vi utfører ordinære oppgåver.

Rammar høgt utdanna

Rygh fortel at dei tilsette tidlegare ikkje har hatt klart føre seg følgjene av at oppgåver blir overførte til fylka.

- Det nye som har skjedd, er at vi blir informert om at fleire faste stillingar vil ryke. I bestillinga frå departementet vårt skal vi svare på kor mange årsverk som er knytte til oppgåver som skal overførast til regionane. Dei som blir ramma hjå oss, er høgt utdanna kulturfaglege medarbeidarar med lang erfaring og mykje kompetanse. Så dette var ein tung beskjed å få, seier han.

- Vi veit kva for oppgåver vi skal jobbe med, men vi har ikkje fått vite kor mange årsverk vi får tilført i samband med dei nye oppgåvene, seier Rygh.

Image-text:

- Det er vanskeleg å talfeste kutt og nye behov, seier riksantikvar Hanna Geiran. Foto: Ulrik Botten

Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt