AddToAny

Regjeringa dominert av juristar og statsvitarar

Regjeringa dominert av juristar og statsvitarar
Trygve Bratteli skal ha sagt at hans rolle i regjeringa måtte vera anten vaktmeister eller finansminister. I den blågrøne regjeringa finn ein både ein kjøtskjerar og eit par juristar. Statsvitskap, statsvitskap, statsvitskap: Juss og juss.
Men òg eit par litt meir eksotiske innslag som ein kjøtskjerar, ein treningsinstruktør og ein som mellom anna har studert vin- og brennevinslære. På Høyden har gått gjennom CV-ane til alle statsrådar og statssekretærar. Informasjonen redaksjonen har gått ut i frå er den kandidatane har lagt ut om seg sjølv på regjeringen.no. For kandidatar der det har mangla informasjon, har vanlege nettsøk vorte nytta.

To utan høgare utdanning

- Lista over den einskilde statsråd sine fagfelt er enorm, så ein kan ikkje forventa at dei skal ha oversikt over alt. Fagkompetansen ligg hos embetsverket, og statsrådane må kunne kvila på denne.

Det seier Jan Erling Klausen, førsteamanuensis ved Institutt for statsvitenskap ved UiO.

- Samstundes, dersom ein har ein statsråd heilt utan kvalifikasjonar, vil denne kunne ha problem med å matcha embetsverket. Mykje politikk er i tillegg kunnskapsintensiv, seier han vidare.

Oppteljinga viser at alle Høgre sine ti statsrådar har høgare utdanning, halvparten på masternivå. Venstre har to statsrådar med avslutta lågare grad og ein med mastergrad, medan Frp har ein med mastergrad og fire med lågare grad. To av statsrådane, Jon Georg Dale og Per Sandberg, har fagbrev. Sandberg har i tillegg oppgitt å mellom anna ha fagkurs i papirproduksjon, ernæringslære og vin og brennevinslære.

Totalt har nitti prosent av statsrådane og 93 prosent av statssekretærane høgare utdanning. Halvparten av statssekretærane har utdanning på minst masternivå.

Men kva bakgrunn bør ein statsråd ha?

- Det viktigaste for ein statsråd er vel å ha solid politisk røynsle, til dømes frå Stortinget. Det er fleire døme på at statsrådar utan politisk erfaring kan få problem. Utdanningsbakgrunn kan også vera viktig, men ofte står ein overfor avveging mellom ulike omsyn, for eksempel til kjønn, geografi og alder, skriv Per Lægreid, professor ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap ved UiB, i ein epost til På Høyden.

Også Anne Lise Fimreite, professor ved Institutt for samanliknande politikk ved UiB, peikar på den politiske røynsla.

- Det er to ulike syn her, skal ein representera folket, eller skal ein vera velkvalifisert? Representasjon inntil ei viss grad, som kjønn, alder, geografi og utdanning, er viktig. Men det er ingen politiske lettvektarar som vert ministrar, seier Fimreite.

Ho legg til:

- Trygve Bratteli skal ha sagt at det var to roller han kunne ha i regjeringa: Finansminister eller vaktmeister. Kompetansen ein treng som politikar og som tilsett i embetsverket er heilt ulik.

For mange broilarar?

Ser ein på kva utdanning statsrådane og statssekretærane har, er det nokre fag som skil seg ut: Samfunnsfag, sæ

Les mer

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt