AddToAny

Refleksjon, profesjon, praksis

Refleksjon, profesjon, praksis
Når ein tar ein bachelorgrad ved eitt av universiteta i landet, høyrer det med ein komponent filosofihistorie og grunnleggjande vitskapsfilosofi. Burde det ikkje vera slik også for den som tar ein barnehagefagleg bachelorgrad?
«Utdanninga skal vere forskingsbasert, profesjonsretta og praksisnær. » (Nasjonale retningslinjer for barnehagelærarutdanning, s. 5) Mykje skal med i eit praktisk retta studium som barnehagelærarutdanninga, men er det grunn nok til å la dei vitskapsfilosofiske spørsmåla liggja? Bør ikkje spørsmål om faga sin samanheng i profesjonen og tema som teori og praksis, kunnskap og sanning, verdiar og normativitet, få eit eige fokus som ting å tenkja over for den komande barnehagelæraren?

Ved barnehagelærarutdanninga ved Høgskolen i Oslo og Akershus var vi av ei slik oppfatning. Utfordringa har vore å få til eit relevant profesjonsfagleg og vitskapsfilosofisk kurs innanfor dei rammene som er gitt oss i studentane sitt utdanningsløp. Gjennom to år har vi prøvd og feila for å koma fram til opplegget vi har i dag. Prosessen har resultert i ein arbeidsform der tverrfagkunne og tekstarbeid er sentrale stikkord. Vonleg kan våre erfaringar vera av interesse også for andre i feltet.



1. Fag i utdanninga: praktisk syntese «Utdanninga bidrar med ulike aspekt til barnehagelæraren sin mangfaldige kompetanse, som blant anna byggjer på eit integrert syn på omsorg, leik, læring og danning. » (Nasjonale retningslinjer for barnehagelærarutdanning, s. 11) Korleis skal vi eigentleg forstå samanhengen mellom de ulike faga ein barnehagelærar skal gjennom i utdanninga? Omlegginga frå «fag» til «fagområde» i ny utdanning i 2013 aktualiserte spørsmålet om integrasjonen mellom ulike faglege perspektiv. Språkfag, kroppsøvingsfag, samfunnsfag, estetiske fag, pedagogikk - korleis finn vi dei felles møtepunkta? Kor skal vi i det heile byrja å leita?

Filosofen Harald Grimen si sondring mellom praktisk og teoretisk syntese synte seg her som ein fruktbar inngang. Ein kan snakka om ein teoretisk syntese i eit fagleg felt når det eksisterer ei så stor teoretisk semje at horisonten så å seia er samanfallande. Innanfor fagdisiplinar som kjemi, biologi og matematikk eller eit profesjonsfelt som juss, kan kunnskapselement hengja saman meir eller mindre på dette viset, innanfor éin overordna horisont.

Men imellom så varierte fagtradisjonar som det barnehagelærarutdanninga femner om, er det ikkje å venta at ein vil ha tilnærma semje i det teoretiske grunnlaget. Ein vil ha ulike synspunkt på kva som er viktig for born og kva danning, læring og leik skulle tyda i borns kvardag. For nokre fag vil kollektive perspektiv og historiske linjer vera viktige orienteringsaksar, medan andre vil leggja større vekt på det individuelle perspektivet og psykologisk forsking. Manglande samkøyring mellom ulike fag her skal ikkje sjølv sjåast som eit problem. Snarare bør vi forstå dette som produktive friksjonsstader som til saman gir oss eit meir komplekst og mindre einauga bilde av livet i barnehagen.

Måten faga like fullt skal sjåast som del av same einskap er, trass i skilnader, som del av ein praktisk syntese. Dette tyder at samanhengen mellom dei ulike fagperspektiva i barnehagelærarutdanninga er kopla til den praktiske bruken dei har. Med andre ord samlar perspektiva seg i barnehagelæraren si konkrete profesjonsutøving. Det er denne handfaste yrkessamanhengen alle faga bidrar inn til og siktar mot. Og fordi barnehagekvardagen er samansett, må også barnehagelæraren sin horisont vera det. Barnehagelæraren må ha kunnskap om det samfunnet barnehagen er ein del av og blir forma av, om språk og est
Gå til mediet

Flere saker fra Utdanning

12. juni ønsker vi velkommen til et kurs der du som barnehagelærer kan få tips og triks til hvordan og hvorfor arbeide med lek gjennom prosjektarbeid.
Utdanning 10.05.2024
Delstaten Tennessee har vedtatt en omstridt lov. Nå kan lærere bære våpen på jobb.
Utdanning 10.05.2024
Utdanning 10.05.2024
5. juni inviterer vi til kurs om hvordan bygge gode relasjoner i barnehagen.
Utdanning 10.05.2024
Eg blei forundra då det i Utdanningsnytt blei presentert ein podkast som skal hjelpa lærarane til å bruka dei «rette» pronomena om kjønn. Eksempla er ho, han, hen, dei og xe.
Utdanning 10.05.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt