- Ragnhild har utmerka seg som ein kandidat med svært god nyheitsteft og sterke analyse- og formidlingsevner. Ho er eit stort journalistisk talent. Vi er veldig glade for å ha fått henne med på laget når vi no satsar endå sterkare på politisk journalistikk, seier nyheitsredaktør Lars Inge Staveland.
Grongstad har jobba som byrådssekretær for byrådsleiar Raymond Johansen (Ap). No kjem ho frå jobben som byrådssekretær for avdeling for næring og eigarskap i Oslo kommune.
Grongstad startar i jobben 1. januar.
- Eg har vakse opp med Vårt Land på kjøkkenbordet og har alltid vore veldig fascinert av Vårt Lands prosjekt.
- Vårt Land er kjend som ei av dei beste avisene på norsk politikk. Dei satsar knallhardt på kvalitetsjournalistikk og har svært mange dyktige journalistar som brenn for å vise kva som står på spel. Eg gler meg over å få vere med på laget, seier Grongstad.
Grongstad har ein master i miljøteknologi og politikk frå Imperial College London og ein bachelor i medier og kommunikasjon frå Universitetet i Oslo. Ho har også jobba i Tankesmia Agenda, Shell | St1 og NRK.
- Eg har fått verdifulle erfaringar og innsikt frå innsida av politikken. Nå trer eg inn ei ny og spanande rolle og forlèt politikken. Eg gler meg veldig til å jobbe journalistisk og dekke breidda i norsk politikk, seier Grongstad.
Image-text:
Ragnhild Gronstad blir fra 1. januar 2023 politisk journalist i Vårt Land.
Kaja Bruskeland & Elen Sonja Klouman/ Kanon foto


































































































