Kjøkkenskriveren
04.05.2021
Snakk om å få ei stilling det står namnet sitt på: Rønnaug Birkeland Flaten har alltid vore interessert i ernæring. No har ho 100 prosent jobb med å bestemme kva pasientar i Helse Førde skal ete. Ikkje noko anna sjukehus har ei slik stilling.
- Eg kosar meg i jobben min.
Rønnaug Ann Birkeland Flaten begynte å jobbe på matforsyninga til sjukehuset for mange år sidan. Etterpå fekk ho jobb ved kjøkkenet som lagar mat til pasientar på kreft- og medisinsk avdeling.
I fjor fekk ho ein jobb som visstnok ingen andre har: Ho er 100 prosent tilsett som kostrådgjevar for medisinsk avdeling og kreftavdelinga.
TAR OPPGÅVER FRÅ SKULDRENE TIL PLEIARAR
Jobben hennar går ut på å finne ut kva ulike pasientar skal ete, sagt veldig enkelt. Mange treng tilrettelagt kost. Det kan vere kreftpasientar, pasientar med kols eller andre.
- Då er det viktig at måltidet er næringsrikt, delikat og innbydande. Vi et med auga også, seier ho.
Birkeland lagar skreddarsydde kosthaldsplana
Gå til medietRønnaug Ann Birkeland Flaten begynte å jobbe på matforsyninga til sjukehuset for mange år sidan. Etterpå fekk ho jobb ved kjøkkenet som lagar mat til pasientar på kreft- og medisinsk avdeling.