frilansjournalist En artikkel fra Politihøgskolen
Lommetjuveri, nasking eller narkotikabeslag: Er du utanlandsk statsborgar, risikerer du å bli sendt ut av landet. Noregs polititenestefolk er pålagde å starte utvisingssaker for alle utanlandske statsborgarar som blir straffedømde. Sakene blir avgjorde av Utlendingsdirektoratet (UDI).
Politidirektoratet har dei siste åra arrangert kurs for å gjere polititenestefolk meir bevisste på pålegget. Samtidig har det skjedd ein eksplosiv auke i talet på utviste på grunn av straff, frå 190 i 1991 til nesten 2500 i 2015. I 2015 utgjorde dette 39 prosent av alle utvisingsvedtak.
Dette medverkar til at politiet når Statsbudsjettets måltal for tvangsutsendingar, som er på 9000 i 2016. Men professor Helene Gundhus ved Politihøgskolen åtvarar.
- Viss politiet ikkje får opplæring, kan resultatet bli at dei rettar merksemda eksklusivt mot innvandrarmiljø. Det kan føre til overkontrollering av desse miljøa, medan lovbrot av norske statsborgarar sjeldnare blir etterforska, seier ho.
Skjønnsvurderingar er lite prioritert i


































































































