Mogelege brot på helseforskingslova har aldri før vore gjenstand for politietterforsking. No er ein kreftstudie med pasientar frå sjukehus i heile landet i politiet sitt søkjelys.
Auka risiko
I perioden 2018-2020 tok Haukeland universitetssjukehus (HUS) 31 pasientar med i eit vent-og-sjå-opplegg for pasientar med endetarmskreft, gjennom forskingsprosjektet Norwait (sjå faktaboks). Dette trass i at kreften til fleire av pasientane ikkje var heilt borte etter strålebehandling.
Sjukehuset har seinare erkjent at dette var i strid med studieprotokollen, at fleire av pasientane ikkje skulle vore inkluderte i studien og at dette auka risikoen for forverra sjukdom og tidleg død. i Magasinet Forskningsetikk: Forskaren som ville klone seg sjølv
Konsekvensane blei alvorlege. Ei studentoppgåve frå oktober 2020 viste at ein fjerdedel av Haukeland-pasientane i prosjektet hadde fått gjenvekst og spreiing av kreften. Minst to av pasientane i gruppa var døde.
Sidan den gong kan tala ha auka, men det vil ikkje sjukehuset seie noko om til Magasinet Forskningsetikk.
I tillegg til politiet har både Statsforvaltaren, Helsetilsynet og Norsk pasientskadeerstatning (NPE) saka på sine bord no.
Etterforskar fleire sjukehus
- Dette har ein viss prioritet og krev ein forsvarleg innsats frå vå


































































































