Utdanning
30.09.2022
Boka «Barnehagelæreren og barna» er solid plassert i ei barnehagesetting, og ho tek opp tema som er viktig for dei tilsette å vere orientert om.
Teksten dekkjer språk, kultur, motorikk og leik, og dessutan leiing og kjensle av tilhøyrsle i barnegruppa. Forfattarane er knytte til barnehagelærarutdanninga ved Dronning Mauds minne.
Frå starten av vert det lagt føring for boka ved å stille spørsmål om kva ein barnehagelærar eigentleg er, og ikkje minst, kva ein god barnehagelærar er. Dette er spørsmål som alle som har med barn å gjere, bør stille seg: «Kva er eigentleg ein god vaksen i møte med barn?».
Seinare i teksten vert det poengtert at barna er prisgitt dei omsorgspersonane som er rundt dei i kvardagen. For denne lesaren vart det stopp i lesinga ei stund, med freistnad på å finne ut kva eg tenkjer ligg i å vere ein god vaksenperson i møte med barn. Slike spørsmål krev at ein går i seg s
Gå til medietFrå starten av vert det lagt føring for boka ved å stille spørsmål om kva ein barnehagelærar eigentleg er, og ikkje minst, kva ein god barnehagelærar er. Dette er spørsmål som alle som har med barn å gjere, bør stille seg: «Kva er eigentleg ein god vaksen i møte med barn?».