AddToAny

PowerPoint-panikken

PowerPoint-panikken
Å hevda at PowerPoint gir dårlig undervisning er som å hevda at salt gir dårleg mat.
Dette vil revolusjonere utdanning, er ein påstand vi høyrer med jamne mellomrom, og den populærvitskaplege YouTube-kanalen Veritasium har vist korleis spådommar om at teknologi will revolutionize education har ei lang historie. Dei argumenterer for at det meir presist å snakka om evolusjon enn revolusjon.

Grunnen til dette er at teknologi åleine sjeldan gjer noko som helst.

Litt rart var det difor å lesa artikkelen Skrot PowerPoint, bruk tavla og ta pauser på Forskerforum sine nettsider i helga. Artikkelen var ei oppfølging av Jon Arne Løkke sitt debattinnlegg PowerPoint er en ulykke for undervisningen.

For mykje bruk av PowerPoint (PP) er definitivt kritikkverdig. Men i desse tekstane blir PP framstilt som om det var ein eigen undervisningsmetode, og ikkje berre eit presentasjonsverktøy. Det er både forenklande og feilaktig.

Det burde til døms vore opplyst om at konteksten PP-en inngår i, er vel så viktig som presentasjonsverktøyet i seg sjølv. Ei heil økt beståande av ein lærar som snakkar samanhengane til ein presentasjon, er nemleg ei veldig annleis økt enn ei som har presentasjon i lag med til dømes diskusjonar og oppgåver.

Tanken om at det er teknologien som avgjer kvaliteten på eit undervisningsopplegg minner om teknologisk determinisme.

Og PowerPoint treng heller ikkje berre vera tekstbasert - som er den typen PP-ar Løkken kritiserer. PP-en kan til dømes ha bilete som hovudelement. Den kan ha video- og lydklipp, hyperlenker, screenshots og grafar. Ja i grunn det meste som er visuelt og digitalt. Tekst treng dessutan ikkje vera lange setningar med eit vanskeleg tilgjengeleg språk. Ein kan bruka tekst til å stille spørsmål til elevane, presentera faglege problemstillingar eller gir korte, finjusterte omgrepsforklaringar og illustrerande sitat.

Tanken om at det er teknologien som avgjer kvaliteten på eit undervisningsopplegg minner om det ein innanfor kommunikasjonsteori kallar teknologisk determinisme. Dette er ein synsvinkel som ser teknologien som avgjerande for korleis vi menneske tenker og handlar, og som bruker teknologi til å forklara samfunnsendring. Det er nok lett å ty til slik deterministisk tankegang, fordi teknologien i så stor grad er synleg i både vårt private og vårt profesjonelle liv.

Men ein slik tankegang kan vera uheldig fordi ein ser vekk frå til dømes sosiale og psykologiske mekanismar. I dette tilfellet fagdidaktiske tenkemåtar og lærar sin fridom til å bruka teknologien slik vedkomande finn mest hensiktsmessig i den aktuelle økta.

Trass i at eit teknologideterministisk syn ofte representerer eit for snevert perspektiv, ser vi likevel tankegangen også i andre debattar om skule og læring. Spelpedagogen Tobias Staaby har uttrykk noko av det same som dei nemnde vloggarane i Veritasium, men då i debatten om spel og læring. Han skriv mellom anna at det [er] ingen garanti for at et engasjerende spill vil gjøre resten av undervisningen for øvrig mer engasjerende.

Så kan ein spørja om me lærarar er flinka nok til å bruka teknologi godt nok. Og det kan det tenkjast at me ikkje er. Men akkurat det vil vera eit empirisk spørsmål, og korkje artikkelen eller debattinnlegget legg fram slik empiri. Det vert rett nok lenka til ein del andre artiklar som set kritikken inn i eit større perspektiv - om motivering og aktivering av studentane - men igjen: det er teknologien, ikkje lærarane, som får skulda i artiklane.

Det skal likevel seiast at Løkken i debattinnlegget, og seinare i intervju med Forskerforum, gir gode undervisningstips elles. Å ta hyppige pausar, å bruka tankekart og å vera kritisk til kva undervisningsteknologi ein bruker, er gode tips. Det er også gode grunnar til problematisera bruken av for mykje einvegskommunikasjon i undervisningssamanheng.

I min eigen jobb er framovermeldingar i samband med praktisk produksjon heilt klart den mest brukte, og føretrekte, undervisningsmetode. Men PP-en har à 3 g sin plass.

Den siste presentasjonen eg laga hadde tekst som viste tema (Mediepanikk), bilete som viste døme (teikneseriar, rockemusikk, valdsfilmar, valdsspel) og videoklipp som viste artistar som har vorte utsette for mediepanikk (ein musikkvideo med gruppa WASP) og scener frå ein dokumentar om rock og sensur. Til slutt la eg inn ein tekstslide som oppsummerte kjenneteikna ved mediepanikken.

Før presentasjonen hadde vi ein felles samtale om kvar grensa skal gå når det gjeld å visa kontroversielt medieinnhald, og etter siste slide jobba elevane med praktisk/teoretisk oppgåver, der eg observerte at fleire av dei henta fram att sliden som referanse.

Det er altså måten vi bruker teknologien på, meir enn teknologien i seg sjølv, som avgjer korleis ei undervisningsøkt blir. Men med Løkken sin omtale av presentasjonsverktøyet får vi inntrykk av at dersom ein bruker PowerPoint vil økta nødvendigvis vera: punkt- og tekstbasert, læraren vil stå med ryggen til studentane og studentane vil vera uinspirerte. I tillegg vert PP-filene lagt i ei mappe og aldri opna att.

Det stemmer ikkje.

For mykje bruk av PowerPoint er kritikkverdig, men konteksten PowerPoint inngår i er vel så viktig, meiner Joachim Laberg. Her fra undervising ved NTNU. Foto: NTNU

Det er måten vi bruker teknologien på, meir enn teknologien i seg sjølv, som avgjer korleis ei undervisningsøkt blir, skriv Joachim Laberg.

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Forskerforum 30.01.2025
Forskerforbundet og Tekna har inngått en avtale med Abelia som sikrer forskningsinstitutter under Abelia mulighet til å ansette stipendiater og
Forskerforum 30.01.2025
Forskarar som var misnøgde med Twitter etter at Elon Musk kjøpte plattforma, flokkar seg no om Bluesky. Men kva kjenneteiknar det ideelle sosiale mediet?
Forskerforum 30.01.2025
Akademisk skriving har blitt et pliktløp med trange rammer. En ny generasjon vil skrive på egne premisser.
Forskerforum 30.01.2025
Forskerforum 30.01.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt