Same dag hadde regjeringa sette inn dei mest omfattande koronatiltaka. Torill hadde berre hatt jobben i fire veker. Ho var derfor den første som vart permittert.
Med lua i handa
Då ho kom heim tidleg på morgonen, sende ho søknad om dagpengar til Nav, men ut månaden måtte ho klare seg på det ho hadde tent i starten av mars. Som dei fleste lågtlønte har ho ikkje pengar på bok.
- Eg gjekk til Frelsesarmeen på slutten av månaden for å hente mat sånn at eg ikkje svalt, fortel Fellesforbundet-medlemmet.
For Torill var dette ei rar oppleving. Før ho fekk jobb på hotellet, arbeidde ho nemleg på Matsentralen som fordeler overskotsmaten frå matbransjen til ideelle organisasjonar.
- Du står med lua i handa For meg som kjenner systemet, er det kanskje ikkje like nedverdigande, men eg fekk kjenne på kjensla av å be om hjelp. Den kjensla er ikkje så kul, seier ho.
Saka held fram under bildet.