Dei var likevel mindre tilfreds enn pasientar som held fram på poliklinikkane.
Informasjon og forventningsavklaring i forhold til medisinsk oppfølging er viktig.
Turid Aarhus Braseth, bioingeniør og høgskulelektor ved bioingeniørutdanningen ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Institutt for sikkerhet, kjemi og bioingeniørfag, Fakultet for ingeniør og naturvitskap.
E-post: turid.aarhus.braseth@hvl.no
Anne Synnøve Røsvik, bioingeniør og førsteamanuensis ved bioingeniørutdanningen, NTNU Ålesund, Institutt for biologiske fag, Fakultet for naturvitenskap.
Tor Audun Hervig, spesialist i Immunologi og transfusjonsmedisin, overlege ved Blodbanken Helse Førde og Laboratorium for immunologi og transfusjonsmedisin, Helse Fonna (Haugesund) og professor II ved Universitetet i Bergen.
Innleiing: Ei ordning der personar med hemokromatose kan bli blodgivarar om det ikkje ligg føre andre hindringar, vil vere bra både for dei personane det gjeld og for blodforsyninga. I Helse Førde har ei slik ordning vore i bruk sidan 1999. Hensikta med studien var å beskrive kor nøgde deltakarane var med denne modellen, anten dei vart godkjende som givarar eller om dei haldt fram som pasientar i poliklinikken.
Material og metode: Dette er ein studie der spørjeskjema vart send ut til 31 pasientar og 47 blodgivarar med hemokromatose, som var tilknytta Helse Førde. Vi mottok svar frå 23 pasientar og 35 blodgivarar, som gjev responsrate på 74% i begge gruppene.
Resultat: Spørjeundersøkinga viste at det var god tilfredsheit generelt, men pasientane på medisinsk poliklinikk skåra høgare enn blodgivarane. Særleg var pasientane meir nøgde med den medisinske oppfølginga.
Diskusjon og konklusjon: Det er eit mål for mange personar med hemokromatose å verte blodgivar. Likevel er pasientane noko meir nøgde enn blodgivarane. Dette syner kor vi