AddToAny

Pasientar og blodgivarar med hemokromatose:

Pasientar og blodgivarar med hemokromatose:
I Norge er det ulik handsaming av individ med hemokromatose (1). Nokre personar blir teke hand om i primærhelsetenesta, nokre i spesialisthelsetenesta.
Mange blodbankar godkjenner givarar med høge jernlagre - andre gjer det ikkje. I den norske rettleiaren for transfusjonstjenesta, står det at godkjenning av personar med hemokromatose som blodgivarar bør vere knytta til eit tilsvarande gratis terapeutisk opplegg ved sjukehuset (2). Dette er grunna i at altruisme - ikkje økonomiske fordelar - skal vere grunnlag for blodgiving (3, 4). I tillegg har det vore redsle for at hemokromatosegivarar fører til auka smitterisiko, sjølv om det ikkje er sikre haldepunkt for dette (5). Det er òg internasjonal usemje om korleis personar med høge jernlagre skal behandlast og følgjast opp. Høge jernlagre er definert utifrå ferritinkonsentrasjonen i to prøver utan at det ligg føre ein akuttfasereaksjon. Det er ikkje semje om kva nivå s-ferritin skal ha før blodtapping er indisert (6). I Helse Førde nytta ein tidlegare s-ferritin over 200 µg/l for kvinner og 300 µg/l for menn kombinert med HFE-gen mutasjon (C282Y og/eller H63D) som indikasjon for tapping. Nokre av desse problema kan skuldast at ein ikkje konsekvent skil mellom biokjemisk hemokromatose, basert på unormale laboratoriefunn - og klinisk hemokromatose, der det er påvist organaffeksjon grunna jernoverskot. Dessutan har om lag 30 % av individa med genetisk predisposisjon for hemokromatose korkje kliniske eller biokjemiske teikn til jernoverskot (7).
Ei europeisk retningslinje (8) anbefaler at blod frå ukompliserte hemokromatosepasientar burde bli nytta til transfusjon. Dei beskriv normale tappeintervall på 12 veker, medan hemokromatose-givarane har seks veker intervall mellom donasjonane. Ved tilrettelegging for personar med høge jernlagre når blodbanken mange nye givarar. Slik meiner dei at ein kan få to gode med eitt tiltak: Individ med høge jernlagre vert sikra mot organskade ved at blodet vert tappa regelbunde, mens blodbankane får auka tilgang på blod til pasientbehandling.
I Norge har pasientforeininga arbeida sterkt for at personar med hemokromatose skal kunne gi blod (9). For blodbankane er det heilt naudsynt å sikre pasienttryggleiken - ved å hindre auka risiko for transfusjonssmitte. Ved Helse Førde er det utvikla eit samarbeid mell
Gå til mediet

Flere saker fra Bioingeniøren

Bioingeniøren 05.04.2024
«Kvinnefotball» er fotball, men få toppspillere kan leve av det. Ingrid Bergland gransker immunhematologiens irrganger på blodbanken i Tønsberg mellom kampene.
Bioingeniøren 05.04.2024
Det hevder en internasjonal studie som har sammenliknet målinger av biomarkørene beta-amyloid og tau i blod og spinalvæske (CSF).
Bioingeniøren 05.04.2024
VÅRT LILLE HJØRNE av verden er ikke så trygt som det en gang var, sies det.
Bioingeniøren 05.04.2024
På laboratoriene ved Bærum sykehus jobber flere yrkesgrupper side om side. Det fungerer bra, selv om ikke alle har bioingeniørautorisasjon. Men hvem har egentlig lov til hva? Og hva er forsvarlig?
Bioingeniøren 05.04.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt