Det sa kunnskapsministerTorbjørn Røe Isaksendå han avslutta ein konferanse med innspel til revidering av langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Han støtta også føresetnaden til Stenseth og Moser om at dei aktuelle sentra som skal få forlengja levetid, må bestå ei evaluering kvart femte år, skriv Uniforum.
Gav bestått til eigen forskingspolitikk
Røe Isaksen var svært nøgd med det regjeringa hadde oppnådd innanfor forsking sidan langtidsplanen for forsking og høgare utdanning blei lagt fram i 2014.
- Me har nådd målet om å løyva ein prosent av bruttonasjonalproduktet til forsking og utvikling over statsbudsjettet. Det står igjen mykje for å nå målet om at tre prosent av BNP skal gå til forsking og utvikling, der privat sektor skal ståfor dei resterande to prosenta, konstaterte han.
Røe Isaksen trekte likevel fram positive trekk i utviklinga.Han viste til tal frå Statistisk sentralbyrå som syner at næringslivet utførte forsking og utvikling for 27,8 milliardar kroner i 2015, ein auke på 12 prosent frå 2014.
- Dette er ein klart større vekst enn i EU og i dei andre nordiske landa, slo han fast. Og han hadde meir igjen på skrytelista til regjeringa:
- Innan 2018 skulle me løyva pengar til 500 fleire rekrutteringsstillingar - her har me overoppfylt og er oppe i 542. Me skulle også auka løyvingane med 400 millionar kroner til infrastruktur for forsking og 400 millionar kroner til å stimulera fleir


































































































