AddToAny

Openheit som våpen

Openheit som våpen
Kjerstin Gjengedal Alle vil ha forsking som er open og til å stole på. Men kva gjer vi når nokon tek dette ønsket og brukar det til motsett føremål? Overalt i USA bur det folk med astma og helseproblem.
Dei vil få det vanskeleg dersom miljødirektoratet ikkje har høve til å regulere luftforureininga. Difor prøver vi å flytte temaet ut i den offentlege debatten og vise at det har konsekvensar for folk. Det er den einaste måten vi kan kjempe mot det på, seier Andrew Rosenberg frå den amerikanske enden av ei Skype-oppkopling.

Rosenberg er direktør for Center for Science and Democracy hos organisasjonen Union of Concerned Scientists (UCS) i USA. Det han snakkar om, er ein ny regel som det amerikanske Environmental Protection Agency (EPA) har føreslått å innføre.

EPA er ikkje berre den viktigaste miljøetaten i USA, men også i aukande grad åstad for Trump-administrasjonen sine etter kvart velkjende åtak på vitskapleg kunnskap. Den noverande leiinga i EPA er utnemnd av Trump-administrasjonen, og det er der forslaget kjem frå.

Må offentleggjere data

EPA er i ein utsett posisjon fordi etaten har myndigheit til å regulere forureinande industri. Trump-administrasjonen har heile vegen gjort det klart at dei ønskjer seg mindre regulering av industrien. Men kva har dette med open og påliteleg forsking å gjere?

Den nye regelen har fått namnet «Strengthening Transparency in Regulatory Science». I korte trekk seier han at dei vitskaplege studiane som EPA baserer reguleringane sine på, må vere heilt og fullt offentleg tilgjengelege - inkludert alle rådata som er med i studien.

I grunngjevinga heiter det at andre må kunne ettergå forskinga, og det må vere mogleg å analysere alle data på nytt - for å sjekke at forskinga har gått rett føre seg. EPA-direktør Andrew Wheeler, som tidlegare har vore lobbyist for kolindustrien, har sagt at «det amerikanske folket har rett til å vite kva for vitskaplege studiar som dannar basis for EPA sine avgjerder om regulering». Kven kan vel vere motstandar av noko slikt?

Når UCS og nesten alle andre forskingsinstitusjonar og -organisasjonar likevel kjempar imot, kjem det mellom anna av at regelen også vil gjelde for forsking som byggjer på medisinske personopplysingar som deltakarane har gjeve frå seg under føresetnad av at dei blir behandla konfidensielt. Datasetta som studiane byggjer på, kan ikkje gjerast offentlege utan at ein bryt med personvernet. Kort sagt vil regelen difor føre til at viktige studiar av korleis forureining påverkar helsa til folk, blir eksklud

Les mer

Flere saker fra Forskningsetikk

Anne Sverdrup-Thygeson har fått Forskningsrådets formidlingspris for 2020.
Forskningsetikk 15.10.2020
I 2013 ble en kiste fraktet med fly fra Norge til Mexico. Flere tusen mennesker og et hav av blomster fra hele verden tok imot «Apekvinnen», som endelig skulle få en grav.
Forskningsetikk 15.10.2020
- Det er viktig å være i forkant når det gjelder stordataforskningen, sier professor Trine B. Haugen ved OsloMet. En ny rapport kommer med en rekke forskningsetiske anbefalinger på området.
Forskningsetikk 15.10.2020
En tidligere forsker ved Wayne State University i USA har gått med på å ha forbud mot å utføre forskning med statlige midler de neste ti årene.
Forskningsetikk 15.10.2020
Elizabeth Harrison var 19 år da hun fikk valget mellom å bli hengt eller infisert med kopper.
Forskningsetikk 15.10.2020

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batliv bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten golferenno gravplassen gullur handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalen journalisten juristkontakt kampanje khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt musikkultur natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse psykologiskno religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sno-ski sykepleien synkron tannhelsesekreteren teknisk-ukeblad Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt