AddToAny

Nynorskpris til NRK-journalist Eivind Molde

Nynorskpris til NRK-journalist Eivind Molde
Får Kulturdepartementets nynorskpris. Utanriksreporter Eivind Molde i NRK er årets vinnar av Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar for 2020. Prisen er på 75.000 kroner og eit kunstverk.
Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar ein levande og god nynorsk, og er eit føredøme for andre.

- Tusen tusen takk, dette var utruleg overraskande, sa Eivind Molde då han forstod at han fekk prisen.

- Det som har vore viktig for meg, anten om folk sit på bussen med ei propp i øyret, les oss på nrk.no eller ser oss på tv, er at folk forstår oss i NRK, sa han vidare.

Tidlegare har prisen vore utdelt under Dei Nynorske festspela i Aasentunet i Ørsta. Grunna koronapandemien vart prisen i år delt ut under eit lukka arrangement hjå NRK på Marienlyst i Oslo der også Molde har arbeidsstad.

- Eivind er tryggare enn ordboka, sa nyheitsdirektør Helje Solberg i sin tale under tildelinga.

Molde er oppvaksen i Gulen i Ytre Sogn. Han gjekk gymnas på Os og var i unge år lærarvikar på Os og vikar i NRK Hordaland. Frå 1984 arbeidde Molde som lærar i Alta,d er han var med på å starte opp Alta nærradio. Sommaren 1989 var han vikar i NRK Dagsnytt og frå 1990 fast tilsett same stad. Sidan den gongen har Molde arbeidd i NRK.

Molde er medforfattar av fleire bøker om friluftsliv i Oslomarka.

Tidlegare prisvinnarar

2019: Kjersti Mjør, Bergens Tidende

2018: Harald Thingnes, NRK

2017: Jens Kihl og Guri Kulås, Klassekampen

2016: Jon Hustad, Dag og Tid

2015: Jan Zahl, Stavanger Aftenblad

2014: Ingunn Solheim, NRK

2013: Christian Wiik Gjerde, NRK

2012: Katrine Sele, Firda og Hilde Sandvik, Bergens Tidende

2011: Njord V. Svendsen, Bergens Tidende

2010: Astrid Brekken, NRK

2009: Ronny Brede Aase, NRK

2008: Odd Reidar Solem, TV 2

2007: Kjell-Erik Kallset, Dagsavisen

2006: Linda Eide, NRK

Grunngjevinga frå juryen:

På nyåret 2020 var det klart at NRK for første gong hadde innfridd stortingsvedtaket frå 1970 om at 25 prosent av stoffet skulle vere på nynorsk. For å nå denne milepålen har allmenkringkastaren drege vekslar på eit solid grunnfjell av nynorskbrukande medarbeidarar, og årets vinnar av Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar er i høgste grad ein del av dette grunnfjellet.

Årets prisvinnar brukar eit klart og tydeleg språk og set nynorsk normaltalemål i høgsetet, produserer stoff for alle plattformer og har ei særleg evne til å framstille kompliserte forhold på ein enkel og forståeleg måte for den jamne lyttar, sjåar og lesar. Prisvinnaren har òg ord på seg for å vere hjelpsam og ein god rettleiar for kollegaene i så vel språklege som journalistiske spørsmål.

Prisvinnaren starta som sommarvikar i NRK Dagsnytt i 1989 og vart fast tilsett i 1990. I ei årrekkje tente han fast på nyhendebulletinen, i mange av dei berre på natt. I dei seinare åra har prisvinnaren spesialisert seg på klima- og miljøsaker. Han dekte til dømes FNs klimakonferanse i Paris i 2015 for alle NRKs plattformer på ein framifrå måte. Han rapporterer snart frå Svalbard, snart frå Antarktis, og i 2018 fekk han ansvaret for å dekke returen til ishavsskuta Maud frå Canada til Vollen i Asker. Som tilknytt utanriksredaksjonen legg han ofte kommentarar på utanlandsk reportasjestoff i mellom anna Dagsrevyen og Urix.

Prisvinnaren er ikkje av dei som stikk seg fram i utrengsmål. I over 30 år har denne smålåtne sogningen likevel gjort ein uvurderleg innsats for god journalistikk på nynorsk og godt språk generelt i NRK. Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar 2020 går til Eivind Molde, utanriksmedarbeidar i NRK.

Image-text:

Prisvinnar Eivind Molde og juryleiar Solveig Barstad.

Foto: NRK

Les mer

Flere saker fra Journalisten

Spalten uttrykker skribentens egne synspunkter. «Gidske Olivia Anderson var ikke et ønsket barn.» Slik starter Alf Ole Ask og Elin Sørsdahls bok ...
Journalisten 28.09.2023
Amedia og Schibsted har signert en intensjonsavtale for å sikre videre distribusjon av papiraviser og pakker, seks dager i uken, i en så stor geografi ...
Journalisten 27.09.2023
Document brøt Vær varsom-plakatens punkt 4.3 om å vise respekt for menneskers egenart og etnisitet.
Journalisten 27.09.2023
Avisa Norge IDAG ble felt av Pressens Faglige Utvalg (PFU) da utvalget behandlet to klager mot samme artikkel i avisa under møtet onsdag 27. ...
Journalisten 27.09.2023
Avisa Nordland gikk fri i Pressens Faglige Utvalg (PFU) onsdag, etter å ha bli klaget inn av tre medlemmer av Rødt Bodø.
Journalisten 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt