forskning.no
16.06.2016
No føreligg svært detaljerte kart frå havbotnen i fem kommunar på Søre Sunnmøre. Dei viser skipsvrak, bratte bakkar, blanke berg og gode fiskeplassar.
Gudmund Løvø
Les merJournalist, NGU En artikkel fra Norges geologiske undersøkelse
Her er noko av Rundeskatten stilt ut på Runde miljøsenter. Fleire titals tusen dukatar vart henta opp frå botnen under dykking og utgraving i 1972. (Foto: NGU)
Rundeskatten er den verdifulle lasten som det nederlandske seglskipet Akerendam frakta på jomfruturen sin i 1725. Under ein kraftig vinterstorm forliste skipet nordaust for Runde. Skatten vart funne av dykkarar i 1972.
No skal nye kart peike ut heilt andre skattar langs kysten:
- Vi har slått på lyset på havbotnen i 800 kvadratkilometer, seier prosjektleiar og forskar Sigrid Elvenes ved Noregs geologiske undersøking (NGU).
Detaljerte botnforhold trer fram på dei nye karta: moreneryggar,


































































































