Appell
08.03.2022
I desse dagar blir det jobba aktivt for å få nytt liv i Norsk Folkehjelp sitt lokallag i Namsos. Det er sett ned eit interimsstyre med Venke Heimdal som leiar, og årsmøtet ble gjennomført i februar.
Bjørn Lie, pensjonert typograf og framleis svært aktiv i frivillig arbeid i Namsos, er svært glad for at nokon tek over stafettpinnen i «Folkehjelpa». Bjørn kom inn i Norsk Folkehjelp i 1963. Han har vore leiar i laget i Namsos i 28 år, og var sekretær før den tid. Men han opplevde etter kvart at andre tillitsvalde i laget blei for gamle, og han blei i stor grad aleine om oppgåvene. Laget har difor vore «sovande» dei siste åra.
- I tidlegare tider var det åtte fagforeiningar i byen som var kollektivt innmelde i Norsk Folkehjelp. Det var også slik eg kom med i laget, fortel Bjørn. - Laget fekk ei krone pr. kollektivt innmelde medlem. Det er klart at dette betydde mykje, også økonomisk, meiner han.
Bjørn har vore særleg opptatt av det samfunnsansvaret Folkehjelpa har hatt for eldre folk i byen. Det å få til kortare og lengre ferieturar for folk som elles ikkje har så lett for å koma seg ut, har vore ein av Bjørn sine spesialitetar.
Men han har også jobba aktivt med internasjonal solidaritet, blant anna med bidrag til barneheima
Gå til mediet- I tidlegare tider var det åtte fagforeiningar i byen som var kollektivt innmelde i Norsk Folkehjelp. Det var også slik eg kom med i laget, fortel Bjørn. - Laget fekk ei krone pr. kollektivt innmelde medlem. Det er klart at dette betydde mykje, også økonomisk, meiner han.