Frå før har dei to universiteta gått saman om eit kontor i Brussel, som skal gjere vegen til forskingsmidlar og samarbeidspartnerar i EU kortare for norske forskingsmiljø. No står altså Japan for tur. Det er fysikaren og ingeniøren Hiroshi Matsumoto som skal fungere som rådgjevar i Tokyo, skriv Gemini.
Matsumoto har nyleg fungert som koordinator for Horisont 2020s nasjonale kontaktpunkt i Japan.
UiB og NTNU ønskjer først og fremst å styrke samarbeidet innanfor havforsking, energi og miljø. Etter ulukka ved kjernekraftverket i Fukushima i 2011 har fornybar energi fått sterkare appell i Japan, og Matsumoto trur mellom anna at offshore vindkraft er eit område som vil nyte godt av meir samarbeid mellom Noreg og Japan.
Japan har mykje god grunnforskning, men ikkje så mange forskarar som har vore motiverte til å knyte forskinga si til behova i samfunnet, seier han til Gemini.
Meir konkret samarbeid
Matsumoto vil av praktiske årsaker vere tilsett gjennom Innovasjon Norge som held til ved den norske ambassaden, og som institusjonane allereie har eit godt samarbeid med også når det gjeld forsking og utdanning. Der vil han arbeide i lag med Svein Grandum som er forskings- og teknologiutsending til Japan for Innovasjon Norge, Senter for internasjonalisering i utdanninga (SIU) og Forskingsrådet. Det fortel internasjonal koordinator ved NTNU, Nina Sindre, til Forskerforum.
Vi har allereie mykje samarbeid med Japan gjennom fleire fakultet og institutt, men det har mangla litt på konkretisering av samarbeidet. Det ønskjer vi å forbetre. Japanske institusjonar held høg kvalitet, og når vi samarbeider med dei beste, vil det også gjere vår eiga forsking betre, seier ho.
Svein Grandum seier til Gemini at nordmenn ofte blir overraska over korleis forskings- og næringsprosjekt utviklar seg i Japan samanlikna med i Noreg.
Japanerar planlegg og planlegg. Deretter utfører dei ting veldig raskt. Det er ein av dei verkelege utfordringane for nordmenn som kjem hit. Nordmenn vil berre kome i gang, og justere undervegs. Dette er eit område der Matsumotos hjelp blir uvurderleg, seier Grandum.