NRK sitt oppslag om fanfestivalen i Al Bidda Park i Doha er eit eksempel på det me opplever som ei unyansert vinkling: FIFA skryter av møteplassen for VM-fans men ser du hva som mangler?
NRK har redigert innhaldet i denne teksten etter at me var i kontakt med dei, men dei avviste å publisera denne kommentaren.
I oppslaget hevdar NRK sin sportskommentator, Jan Petter Saltvedt, at det verken er stemning eller fasilitetar og at det er umogleg å trivast på området. Vår erfaring er at festivalområdet er fullt kvar einaste dag, og at folk frå heile verda minglar i ei stemning som best kan skildrast som ein karnevalsprega fest.
I skuggen
I samband med forskingsprosjektet Form - om fotball og religion i Midt-Austen - er me på oppdrag i Qatar - for å gjera observasjonar av publikum under kampar i VM, både på arenaene og rundt fansoner med storskje