AddToAny

NRK hadde berre eit kravbrot i 2019

NRK hadde berre eit kravbrot i 2019
- Solid og variert tilbod, ifølge Medietilsynets rapport.
NRK skal sikre eit bredt og kvalitativt medietilbod til heile befolkninga, og Medietilsynet kontrollerer årleg at NRK fyller krava.

I fjor leverte allmenkringkastaren på dei fleste områda, med unntak av eitt, skriv Medietilsynet i ei pressemelding.

- NRK hadde eit solid og variert tilbod i 2019 som bidrar positivt til det norske mediemangfaldet, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet, i pressemeldinga.

- NRK har auka nynorskdelen dei siste par åra, og oppfylte i 2019 kravet både på radio og TV. Også på nett har nynorskdelen auka, men med 18 prosent er NRK framleis eit godt stykke unna kravet på minimum 25 prosent, seier Velsand.

For første gong på tre år oppfylte NRK i 2019 kravet om jamlege program for unge på dei samiske språka, og Medietilsynet meiner NRK hadde ei brei og balansert dekning av kommune- og fylkestingsvalet i 2019 både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Medietilsynets vurdering av eit utval av krava til NRK

NRK bidrar til mediemangfaldet i Noreg gjennom å oppfylle allmennkringkastingsoppdraget sitt. Oppdraget til NRK er utforma for å sikre eit breitt og kvalitativt godt tilbod som skal vere tilgjengeleg for heile befolkninga.

Det samla tilbodet til NRK i 2019 hadde høg kvalitet og ei stor breidde i tematikk og sjangrar. NRK hadde eit solid innhaldstilbod som er ei kjelde til innsikt, refleksjon, oppleving og kunnskap.

NRK har eit breitt nyheits- og aktualitetstilbod, ei rekke debattprogram og faste program som forklarer nyheitsbildet og set det inn i ein større samanheng. NRK hadde ei brei dekning av kommune- og fylkestingsvalet i 2019.

NRK oppfyller krava til lokalt nærvær og lokal innhaldsproduksjon, og har distriktssendingar alle kvardagar.

NRK oppfyller kravet om å ha eit tilbod til både breie og smale grupper i befolkninga og tilbod som appellerer til ulike aldersgrupper. NRK har også sendt program for nasjonale og språklege minoritetar i 2019.

NRK har eit breitt tilbod til syns- og høyrselshemma, og arbeider systematisk og godt med universell utforming av innhaldstilbodet sitt.

NRKs sportssendingar dekker både breidda i norsk idrettsliv og store idrettshendingar, inklusive idrettsutøvingane til dei funksjonshemma.

NRK har eit breitt og variert kulturtilbod og oppfyller dei ulike krava knytte til formidling av norsk drama og ein variasjon av norske kulturuttrykk.

NRK oppfyller kravet til å spegle den religiøse arven i Noreg og eit mangfald av livssyn og religionar i det norske samfunnet.

NRK oppfyller krava om å spele minst 40 prosent norsk musikk i NRK P1 og NRK P3 med god margin, og delen norsk musikk i NRK P2 ligg med 39,6 prosent marginalt under kravet.

NRK oppfyller krava til at allmennkringkastingstilbodet skal vere reklamefritt og at NRK skal utvise særleg varsemd med å tilby innhald som utset publikum for kommersielt press, særleg i program retta mot barn og unge

(Kilde: Medietilsynet)

Image-text:

Kringkastingssjef Thor Gjermund på taket av Kringkastingshuset på Marienlyst.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Les mer

Flere saker fra Journalisten

Spalten uttrykker skribentens egne synspunkter. «Gidske Olivia Anderson var ikke et ønsket barn.» Slik starter Alf Ole Ask og Elin Sørsdahls bok ...
Journalisten 28.09.2023
Amedia og Schibsted har signert en intensjonsavtale for å sikre videre distribusjon av papiraviser og pakker, seks dager i uken, i en så stor geografi ...
Journalisten 27.09.2023
Document brøt Vær varsom-plakatens punkt 4.3 om å vise respekt for menneskers egenart og etnisitet.
Journalisten 27.09.2023
Avisa Norge IDAG ble felt av Pressens Faglige Utvalg (PFU) da utvalget behandlet to klager mot samme artikkel i avisa under møtet onsdag 27. ...
Journalisten 27.09.2023
Avisa Nordland gikk fri i Pressens Faglige Utvalg (PFU) onsdag, etter å ha bli klaget inn av tre medlemmer av Rødt Bodø.
Journalisten 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt