frilansjournalist for Apollon.uio.no
Norsk Ordbok er komplett. Arbeidet har halde på heilt sidan 1930. No, etter 86 år, er siste punktum endeleg sett.
Oddrun Grønvik på Universitetet i Oslo er ein av hovudredaktørane for ordboka. Ho er både sliten og lykkeleg etter å ha fullført det som kan kallast eit filologisk maratonløp: 12 band, 9600 sider og meir enn 300 000 oppslagsord.
KOMPLETT: - Det er herleg endeleg å vera ferdig med Norsk Ordbok, seier redaktøren Oddrun Grønvik. Ordboka er ei gåve til det norske folket i høve 200-årsjubileet for den norske grunnlova. Det er Universitetet i Oslo og Kulturdepartementet som har finansiert storverket. (Foto: Ola Sæther)
- Framleis står det rettnok att å digitalisere dei første fire banda - dei blei nemleg skrivne før digitaliseringa si tid. I tillegg er det også behov for å revidere dei første banda. Eit ord som bil viser tydeleg at det trengst ei revidering. Det står så vidt oppført i band 1, då under ordet automobil, peikar forskaren på.
Men alt dette blir no ei oppgåve for Universitetet i Bergen, som tek over ansvaret for og det vidare arbeidet med Norsk Ordbok.
Nasjonal dugnad
Mykje av ordboka har blitt til takka vere ein nasjonal dugnad utan sidestykke. Sidan 1930 har frivillige eldsjeler landet rundt sendt inn sine bidrag.
- På den måten har dei sytt for at Norsk Ordbok har så mange dialektord. Til saman har arkivet 3,2 millionar ordsetlar som folk har sendt inn. Også kronprins Haakon har bidrege, med uttrykket morningen (morgonen)


































































































