«Varsel om kokepåbud etter funn av bakteriar i drikkevatnet.»
Omlag 2000 menneske blei sjuke av drikkevatnet etter ei kraftig nedbørhending på Askøy i 2019. Slike store utbrot skjer heldigvis sjeldan. Reinsesystema hos vassverka sørger for generelt god kvalitet på drikkevatnet i Noreg.
Men fleire studiar peikar på samanhengar mellom vêr og drikkevasskvalitet. Med klimaendringane ventar me meir ekstremt vêr her i landet, og særleg meir regn.
Meir regn, meir forureining
Den største risikoen for utbrot av mage-tarm-sjukdommar på grunn av drikkevatnet er forureining i form av såkalla fekal forureining - eller møkk. Drikkevasskjelda kan ligga i eit jordbruksområde, med husdyr som beitar i nærleiken eller der det blir gjødsla med kumøkk. Når det regnar, kan den forureina jorda bli skylt ut i drikkevasskjelda.
Meir regn fører til fleire sjukdomsbakteriar og skitnare og brunare vatn i drikkevasskjeldene.
Som regel er det restriksjonar for ferdsel og aktivitetar i området rundt vasskjelda. Dyr eller fugl