Bondebladet
27.08.2020
Nordisk landbruk er i front når det gjeld berekraftig og klimavenleg produksjon, heiter det i uttalen frå Bonde- og samvirkeorganisasjonane i Norden.
Toppleiinga i dei dei nordiske bonde- og samvirkeorganisasjonane møtest kvart år i august i sin felles organisasjon NBC. I år skulle møtet ha vore på trehotellet i Brumunddal, men måtte på grunn av korona gjennomførast digitalt.
På møtet diskuterte medlemmene klimaspørsmål og korleis dei har takla koronautbrotet. Klima og berekraft er eit sentralt tema i alle dei nordiske landa, og mange av dei nordiske bondeorganisasjonane har planar for å få ned utsleppa og auke opptaket utan å redusere produksjonen.
I fellesuttalen blir det peika på at nordisk landbruk er på topp når det gjeld