Nord universitet vart oppretta 1. januar i år ved fusjon mellom Universitetet i Nordland, Høgskulen i Nesna og Høgskulen i Nord-Trøndelag. Universitetet har i dag aktivitet på ni studiestader. I følgje pressemeldinga frå NOKUT tilrår dei sakkunnige at Nord universitet vurderer talet på studiestader og organiseringa av studieprogramma.
- For nokre av fagområda, på fakultetsnivåa og på studiestadene, er det kritisk lave tal for akademisk kompetanse. Universitetet opplyser at dei har som mål at porteføljen som blir kunngjord for 2017 skal gi uttrykk for eit samordna universitet. Vi ser fram til resultata av dette arbeidet, seier NOKUT-direktør Terje Mørland i pressemeldinga.
Nord universitet har allereie sett i gang ei rekkje prosessar for å styrke kvaliteten i forsking og utdanning. Rektor Bjørn Olsen ved Nord universitet seier til nettavisa Khrono at arbeidet med med vurdering av studiestadane enno ikkje har starta, men er på trappene. Han minner samstundes om at universitetet treng støtte frå styresmaktene i arbeidet med kvalitetsutvikling.
- Fusjonen var ein politisk styrt og villa prosess. Og eg forventar at vi vil få drahjelp og auka ressursar frå departement og Storting til å gjennomføre, mellom anna eit stort kompetanseløft som må til, seier Olsen.
Sjå heile NOKUT-rapporten her.
Fra 1. januar 2016 ble Universitetet i Nordland fusjonert med Høgskolen i Nord-Trøndelag og Høgskolen i Nesna. Nå må det nye Nord universitet jobbe for å øke kompetansen blant sine ansatte.
NOKUT peikar på kvalitetsutfordringar ved det nye Nord universitet.


































































































