AddToAny

Nest best, men fremst

Nest best, men fremst
Spørsmålet over er ikkje heilt utan interesse for vettuge folk som har sett uvesentlege leiarar komme og gå.
Heller ikkje for oss som sit i leiarposisjonar med formelt og reelt maktpotensial overfor personar og fagområde vi knapt har roskompetanse overfor, men likevel må vurdere. Vi som er nest best, men likevel (formelt) fremst blant likeverdige.

Boka nærmar seg dette spørsmålet med en velbrukt metafor (som) sier at å lede profesjonsutøvere er som å gjete katter. Ambisjonen er å undersøke kor dekkande metaforen er. Teoretisk sirklar boka inn svaret frå tre kantar: leiingsteori, profesjonsteori og institusjonell teori. Tematisk skil ho ut tre tema: leiing sett frå profesjonsutøvarane si side, frå leiarane sitt perspektiv og rekrutteringsmønsteret til leiarstillingar. Dei empiriske analysane spenner og burde interessere breitt, framveksten av leiing som kunnskapsfelt og profesjon, leiing i oppvekst- og helsesektor og i akademia, og artiklar om profesjonelle tenestebedrifter av den typen som har teke over synsranda mot Oslofjorden.

Redaktørane skil mellom fire typar leiarkompetanse: analytisk, fagleg, mellommenneskeleg og kontekstuell kompetanse. Eit gjennomgåande spørsmål er: Er det avgjerande at leiarar har fagleg kompetanse? Svaret verkar å vere ja, om enn med atterhald. Atterhaldet ville nok vore svakare dersom ikkje leiaren, men leiargruppa var analyseobjektet. Alle leiarar har veikskapar, spørsmålet er om og korleis dei veg opp for dei.

Tek byråkratiet over faglege prosessar, kveler dei fagleg kreativitet.

Det profesjonsteoretiske poenget i boka er at yrkesgrupper som baserer seg på eit spesialisert kunnskapsgrunnlag og har stor grad av autonomi og fagleg skjønnsutøving i jobben, i utgangspunktet er sjølvleiande. Det institusjonelle poenget er at organisasjonar (som eit universitetsinstitutt eller ei sjukehusavdeling), er prega av ulike styringslogikkar: marknad, byråkrati og profesjon.

Dermed handlar leiarskap om å ha eit strategisk blikk på og påverke kva type institusjonell logikk som skal prege ulike delar av organisasjonen sitt liv. Då trur eg ikkje ein bør skilje mellom styring (som formelle strukturar, rapportering, budsjettering) og leiing (som faglege, kollegiale og personlege relasjonar), slik ein gjer her. Verkeleg leiarskap omfattar styring og regulering av grensene mellom ulike styringslogikkar: Tek byråkratiet over faglege prosessar, kveler dei fagleg kreativitet. Tek kollegiet over rapporteringssystemet, er resultatet uendelege og ineffektive prosessar.

Boka gir nye bidrag til studiar av profesjonar, godt forankra i mange tidlegare arbeid. Eg kunne likevel ønske meg skarpare analysar på særleg to område.

Først: Profesjonar som styringsproblem. Boka er fri for lettbeint ideologisk new public management-kritikk, men ho kunne vore sterkare på dei teoretiske og empiriske grunnane til å sjå på profesjonar som styringsproblem. Døme: Dei kan utnytte monopol til å maksimere eigne inntekter, bygge opp skrankar som tener dei sjølve framfor dei dei er til for, stenge ute konkurrerande yrkesgrupper på illegitimt grunnlag.

For det andre: Sensur som kunnskapsproblem. Intellektuelt mot og skarp, konstruktiv kritikk er sentrale drivkrefter i kunnskapsutvikling. Då må prinsipielt sett alle kunne delta i det offentlege ordskiftet, ikkje berre om kunnskapsgrunnlaget, men også om korleis organisasjonen fungerer. Eleven og pasienten må få kritisere skulen og sjukehuset, men læraren må også kunne kritisere rektoren og lækjaren sjukehusdirektøren. Og alle må tole å bli motsagt. Dette prinsippet har ein pris, som når kommentarfeltet flyt over av ukvalifisert kritikk på repeat. Men det må vi leve med.

Einskaplege leiarstrukturar, omdømmefokus og omdømmekontroll kan potensielt truge høvet til open kritikk. Her kunne eg tenkt meg empiriske analyser som gjekk bak eit mediebilete der det er vanskeleg å skilje bråkebøtter frå varslarar og anekdotar frå mønster. Kanskje ville analysane ha avdekt eit paradoks: I knapt noko land krev kritiske ytringar mindre mot, men førestillinga om ein fryktkultur er utbreidd og verknadsfull.

Kva så med kattegjetarmetaforen? Er den dekkande? Neppe, men redaktørane nytta den vel helst som ei litt fyndig (anglosaksisk) opning (Oskeladden gjeta som kjent harar). Det er noko utrygt med fyndige opningar. Og fyndige avslutningar for den del. Eg brukar samanlikne det å leie ein forskings- og utdanningsorganisasjon med det å vere dirigent. Dirigent for eit orkester som spelar den musikken dei sjølve har skrive.

Osland er senterleiar (i permisjon) ved Senter for profesjonsstudier, Høgskolen i Oslo og Akershus.

Fakta

Erik Døving, Beate Elstad og Aagoth Storvik (red.) Profesjon og ledelse Fagbokforlaget, 2016 352 sider Veil. pris: kr 389

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Forskerforum 30.01.2025
Forskerforbundet og Tekna har inngått en avtale med Abelia som sikrer forskningsinstitutter under Abelia mulighet til å ansette stipendiater og
Forskerforum 30.01.2025
Forskarar som var misnøgde med Twitter etter at Elon Musk kjøpte plattforma, flokkar seg no om Bluesky. Men kva kjenneteiknar det ideelle sosiale mediet?
Forskerforum 30.01.2025
Akademisk skriving har blitt et pliktløp med trange rammer. En ny generasjon vil skrive på egne premisser.
Forskerforum 30.01.2025
Forskerforum 30.01.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt