Norsk Landbruk
19.09.2024
Viss du trur at nye kosthaldsråd ikkje vil påverke deg, må du kanskje tru om igjen. Det er ikkje berre du som bestemmer kva du skal ete. Staten har eit ord med i laget.
SÅ KOM DEI, dei nye kosthaldsråda. Passande nok blei dei presenterte på «snakkefestivalen» for politikarar, kommunikasjonsfolk og journalistar i Arendal i august. Sju velmeinte råd om å ete meir frukt og grønt, meir grove kornprodukt, lette meieriprodukt og fisk til kvardags. Kjøt skal du helst berre ete ein gong i blant, når du unner deg å skeie ut. I alle fall så lenge du er flink, et reint kjøt og på det jamne held deg innanfor grensa på 350 gram i veka.
EG HAR HØYRT OG SETT mange blåse av kosthaldsråda, fordi kvar enkelt av oss sjølv bestemmer om me vil følgje dei. Jovisst bestemmer du sjølv kva du vil ha på brødskiva og kva du vil ha til middag. Men du har ikkje nødvendigvis kontroll på utvalet i butikken, og kva mat som bli
Gå til medietEG HAR HØYRT OG SETT mange blåse av kosthaldsråda, fordi kvar enkelt av oss sjølv bestemmer om me vil følgje dei. Jovisst bestemmer du sjølv kva du vil ha på brødskiva og kva du vil ha til middag. Men du har ikkje nødvendigvis kontroll på utvalet i butikken, og kva mat som bli


































































































