Bondebladet
17.06.2016
Ikkje kronår, men likevel mykje gras og god avlingskvalitet, er statusen i Rogaland eit par veker ut i juni. Bøndene har hausta førsteslåtten under gode forhold, men det er utfordrande å treffa rett slåttetidspunkt.
På låglandet i Rogaland er bøndene i ferd med å legga plast på siloane.
Les merHer er det strukturfôret og hestehøyet som står att saman med kornåkrane og grasattlegga, medan dei som driv gard i dei indre delane av fylket er i ferd med å hausta.
Gunstig vinter
Sør-Vestlandet har hatt ei jamt over god overvintring på graset.
- Dei som har reperasjonssådd eng av fleirårig raigras registrerer spiring, og vil få full effekt til andre slåtten, meiner seniorrådgjevar Ragnvald Gramstad hjå Norsk Landbruksrådgiving Rogaland.
Slåttekompromiss
Det er ikkje lett å treffa rett haustetidspu


































































































