Neste gang du blir kalt inn på dugnad, så tenk: Hurra, endelig en gratis treningsøkt. Og heilt fri for prestasjonspress og konkurranse.
Elin Hovda Hageberg
journalist, Høgskolen i Bergen En artikkel fra Høgskolen i Bergen
Dette meiner førstelektor Bjørg Oddrun Hallås.
Ho slår eit slag for den fysiske aktiviteten som ikkje nødvendigvis høyrer inn under det folk definerer som trening, men som kan ha like god effekt som ei treningsøkt på treningsstudio.
Hallås er opptatt av å løfte fram at svært mange kvardagsaktivitetar kan gi oss god belastning på kroppen.
- Når folk spør deg om du trener, så svarar nokon nei fordi dei tenker at dei ikkje er medlem på eit treningssenter eller i eit idrettslag. Men så kan det vere at dei utfører ulikt fysisk manuelt kroppsarbeid i kvardagen, både regelmessig og med god belastning. Det kan ha ein treningseffekt, seier Hallås.
Ho vil at fleire skal bli bevisste på at det er mogleg å vere fysisk aktiv utan å måtte oppsøke eit treningsstudio eller vere medlem i eit idrettslag.
Lite prestasjonspress
Og nå som dugnadssesongen er her, meiner Hallås at dugnadsarbeid i form av variert kroppsarbeid er eit godt døme på fysisk aktivitet der ein får brukt kroppen og sveit