AddToAny

Museumsmann på sin hals

Det er fredag før palmesøndag i Bodø, når Museumsnytt møter Ole Jakob Furset, sjefen for museumsseksjonen i Kulturrådet. Lokala er påfallande innreia nøyaktig som på kontoret til Kulturrådet i Oslo, og sikkert også i Trondheim.
For i den oppdelte institusjonen skal dei stilreine grå nyansane og den oransje kontrastfarga gi ei kjensle av heilskap lell.

- Ein skal liksom verkeleg kjenne at det er på Kulturrådet ein er, gliser Furset. Lett sarkasme er ein integrert del av eksilbergenseren sin kommunikasjonsform.

HEILSKAP

Det er likevel ikkje sikkert det er så dumt å vektlegge heilskaps- eller einskapskjensle, når ein heil fagseksjon vert flytta frå Oslo til Bodø, og når flesteparten av dei tilsette vert skifta ut i løpet av eit drøyt år. Åtte av ni stillingar i Bodø er no fylt opp med nye, bra folk som vil noko, i følgje sjefen deira. Dei fire stillingane som er att i Oslo står for kontinuiteten i seksjonen, då berre ein av desse er nytilsatt. Til saman er dei fleire enn nokon gong, trur han.

ÅPNING I BODØ: Kulturrådets museumsseksjon avdeling Bodø blei høgtideleg åpna av kulturminister Trine Skei Grande 4. september i fjor. FOTO: Kulturrådet

Sjefen er altså Ole J. Furset, som byrja i denne jobben i mars i fjor. Før det hadde han vore direktør for Sør-Troms Museum i 17 år. Furset er opptatt av seksjonens overordna rolle og blikk på sektoren.

- Behovet for oss i sektoren er heilt klart. Med eit nasjonalt og heilskapleg blikk kan vi mellom anna bidra til å løfte fram «best practice», dei gode eksempla, og prosjekt med høg overføringsverdi, seier han.

Han snakkar i lys av museumsvurderingane, som seksjonen nettopp har gjort seg ferdig med. Furset meiner at det går framover med musea i Noreg.

- Vi ser mykje godt arbeid, og eg meiner at mange ting er blitt betre enn før. Til dømes er det fleire små museum som har gode prosjekt eller gjer det veldig bra på enkelte områder, men som kanskje ikkje har kapasitet eller ressursar til å vise seg fram og formidle det. Med heile sektoren i bakhovudet kan me bidra til at det likevel kan løftast fram og få ein overføringsverdi.

KUNNSKAPSINNHENTINGSÅRET

Avgjerda om at museumsseksjonen skulle flytte til Bodø kom i februar 2017. I januar 2018 gjekk Venstre inn i regjeringa og overtok kulturm

Les mer

Flere saker fra Museumsnytt

Hvert år gjør Kulturrådet en vurdering av museene som får tilskudd av Kulturdepartementet. Vurderingene danner grunnlag for en årlig statusrapport til departementet og har vært offentliggjort siden 2016.
Museumsnytt 20.02.2020
Darko Mamkovic, leder av det svenske politiske partiet Sverigedemokratarna (SD) i Norrköping kommune, politianmeldte Norrköpings stadsmuseum for ærekrenkelse 5. februar.
Museumsnytt 18.02.2020
Museets første utstilling med hus fra Nord-Norge består av et tun satt sammen av et hus fra Olderfjord og et fjøs fra Indre Billefjord.
Museumsnytt 20.12.2019
I «Alt det vi eier» får publikum for første gang se Munchmuseets fire samlinger side om side i en utstilling. Vi kan beundre noen av Munchs mesterverk samt ikoniske verker fra Amaldus Nilsen og Ludvig O. Ravensberg.
Museumsnytt 19.12.2019
Det er en dempet side av Gustav Vigeland vi stifter bekjentskap med i denne utstillingen. De massive og ekspressive verkene som assosieres med Vigeland er byttet ut med små skisser og håndskrevne notater.
Museumsnytt 17.12.2019

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batliv bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten golferenno gravplassen gullur handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalen journalisten juristkontakt kampanje khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt musikkultur natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse psykologiskno religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sno-ski sykepleien synkron tannhelsesekreteren teknisk-ukeblad Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt