AddToAny

MITT UTSTYR: Aller helst vil Elias Dahlen fotografere menneske som «driv med litt sære greier»

- Betre kan det ikkje bli. I spalta «Mitt utstyr» spør Journalisten norske fotojournalistar kva dei har i kamerabagen. Elias Dahlen er fotojournalist i Hallingdølen, ein jobb han har hatt sidan juni.
Her kan du lese om kva andre fotografar har med i bagen.

- Kva har du i kamerabagen?

- I den «store» fotosekken har eg to kamera, eit Nikon D70 og eit D600. Optikk er ein 35mm, som eg bruker desidert mest, 70-200mm, 50mm og 85mm. Eg har også ein 20mm men den bruker eg berre når eg må. Helst liker eg å ikkje gå vidare enn 35mm, men nokon gonger så må ein det.

- I tillegg har eg ein blits med kabel og softbox, pluss radiosendarar, men dei brukast sjeldan. Ekstra batteri, lader, minnekort og to variable ND-filter, som er bra når ein filmar og ikkje vil bruke høg blendar. Og sjølvsagt penn og papir. Eg skriv jo sakene sjølv, så det må ein ha.

- Men det er sjeldan alt dette er med, eg har to mindre bagar som eg hiv oppi det eg treng. Og på kontoret ligg det myggar og mikrofonar. I bilen har eg ekstra klede og sko, då er eg førebudd på slags vær. Når vinteren kjem er det sikkert greitt å ha ski tilgjengeleg også.

- Utanom sjølve kameraet, kva klarar du deg ikkje utan?

- Eg må jo vere så ærleg å seie snus. Men eg prøver å bli kvitt den uvanen.

Elias Dahlen, her med det analoge mellomformatkameraet Rolleiflex. Foto: Privat

- Kva er di sikraste (nød)løysing for å ta eit kjapt og godt bilde i ein pressa situasjon?

- Her i Hallingdølen har eg god tid, så førebels har eg ikkje opplevd den klassiske «du har et minutt på foto» her eg jobbar no. Men då eg tok slike bilde var det å sikre ulike utsnitt kjapt, samstundes som eg fann reine bakgrunnar. Og kommunikasjon med den du fotograferer. Fokus og konsentrasjon kjem ein langt med, og å kome i litt god tid slik at du ikkje får enda mindre tid på deg.

- Kva irriterer deg mest med fotografi i norske medier?

- Eg tykkjer det er veldig mykje bra fotojournalistikk og flinke folk i landet vårt. Eg opplever stadig å bli imponert. Men eg trur ein kan bli flinkare til å ta med seg reportasjebilde inni nyheitsjournalistikken for å unngå oppstilte kjeldeportrett.

- Når trivast du aller best i jobben?

- Når eg får lage reportasjar om menneske som driv med litt sære greier. Akkurat no held eg på med ein reportasje eller eit portrett av ein fyr som arbeider som taksidermist, det likar eg. Ein personleg historie ikledd ein sær yrkesveg eller hobby. Betre kan det ikkje bli.

- Kva er det raraste eller morosamaste du har opplevd på jobb?

- Ein opplev jo så mykje rart heile tida! Då eg hadde sommarjobb i Bergensavisen for fleire år sidan hjelpte eg politiet å fange ein hyttetjuv. Den gongen hadde fotoavdelinga ein politiradio i redaksjonen og me høyrde at det var ein aksjon på Sotra utanfor Bergen på jakt etter ein hyttetjuv.

- Fleire gonger kunne ein høyre andpustne politibetjentar som var på sprang etter tjuven. Så eg drog ut for å fotografere, og etter kvart fekk eg auge på tjuven. Så då fekk eg politiet på rett spor og måtte skrive om opplevinga for avisa.

Image-text:

Fotojournalist Elias Dahlen i Hallingdølen både skriver og fotograferer til sakene han lager, men fotoutstyret tar selvsagt mest plass. Foto: Elias Dahlen

Les mer

Flere saker fra Journalisten

Spalten uttrykker skribentens egne synspunkter. «Gidske Olivia Anderson var ikke et ønsket barn.» Slik starter Alf Ole Ask og Elin Sørsdahls bok ...
Journalisten 28.09.2023
Amedia og Schibsted har signert en intensjonsavtale for å sikre videre distribusjon av papiraviser og pakker, seks dager i uken, i en så stor geografi ...
Journalisten 27.09.2023
Document brøt Vær varsom-plakatens punkt 4.3 om å vise respekt for menneskers egenart og etnisitet.
Journalisten 27.09.2023
Avisa Norge IDAG ble felt av Pressens Faglige Utvalg (PFU) da utvalget behandlet to klager mot samme artikkel i avisa under møtet onsdag 27. ...
Journalisten 27.09.2023
Avisa Nordland gikk fri i Pressens Faglige Utvalg (PFU) onsdag, etter å ha bli klaget inn av tre medlemmer av Rødt Bodø.
Journalisten 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt