Forskerforum
30.10.2017
For å unngå at politikarar plukkar forskingsresultat som støttar eigen ideologi, bør regjeringa ha eit vitskapsråd, meiner Vitskapsakademiet.
VITSKAPSRÅD
Nyleg kunne ein lese i Morgenbladet at regjeringa i desse dagar utlyser endå ei genetisk utgreiing av den norske ulvestamma, for å finne ut om ulvane eigentleg har rett til å vere her i landet. Utlysinga kjem fordi det i den politiske debatten har oppstått tvil om den etablerte ulveforskinga er tilstrekkeleg uavhengig til å danne grunnlag for ulvepolitikken. Sjølv om forskinga tilsynelatande slår fast at ulven i Noreg har krav på vern, meinte Stortinget at det var behov for ei meir uavhengig oppsummering av forskinga.
Kunne eit vitskapsråd, ved å tilby eit overordna perspektiv frigjort frå særinteresser, ha gjort saka enklare?
FORANKRING HOS STATSMINISTEREN
- Departementa har ulike ordningar for å hente inn kunnskap når politikken skal utformast, og vi har jo sett tilløp til konfliktar mellom statsrådar og forskarar om kunnskapsgrunnlag for politikk, seier preses i Det Norske Videnskaps-Akademi, Ole M. Sejersted.
Han siktar mellom anna til ein episode i fjor der fiskeriminister Per Sandberg kom med kommentarar som kunne tolkast slik at han ønskte at forvaltingsinstitutta skulle levere forskingsresultat som støtta opp om vedteken politikk.
- Vi ser eit behov for ein sentral mekanisme som gjev råd basert på eksisterande kunnskap, og som bør vere forankra i Statsministerens kontor, seier Sejersted.
Vitskapsakademiet har lenge arbeidd for å få ein slik overordna rådgjevingsmekanisme på plass i Noreg. For eit års tid sidan gjorde kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen det klart at han var open for ideen, og han har også fått det inn i Høgres partiprogram. Men enn så lenge er forslaget langt unna realisering, og det er he
Gå til medietNyleg kunne ein lese i Morgenbladet at regjeringa i desse dagar utlyser endå ei genetisk utgreiing av den norske ulvestamma, for å finne ut om ulvane eigentleg har rett til å vere her i landet. Utlysinga kjem fordi det i den politiske debatten har oppstått tvil om den etablerte ulveforskinga er tilstrekkeleg uavhengig til å danne grunnlag for ulvepolitikken. Sjølv om forskinga tilsynelatande slår fast at ulven i Noreg har krav på vern, meinte Stortinget at det var behov for ei meir uavhengig oppsummering av forskinga.