AddToAny

Meir kunnskap om mangfald

Meir kunnskap om mangfald
Manglande statistikk har gjort det vanskeleg å arbeide med mangfald i UH-sektoren. Det skal det no bli ei endring på.
Andelen innvandrarar og etterkomarar av innvandrarar i norsk akademia aukar kraftig og utgjorde ein fjerdedel av forskarpersonalet i 2014, langt høgare enn i samfunnet elles. Det viser den første offisielle statistikken om mangfald i akademia, som vart lagt fram i dag. Statistikken er utarbeidd av NIFU (Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning) i samarbeid med Statistisk sentralbyrå, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet (KD).

Arbeidet har tydeleggjort ein del utfordringar ved å produsere denne typen statistikk, fortalde Hebe Gunnes ved NIFU då ho presenterte resultata. Til dømes ønskjer ein å skilje mellom to hovudkategoriar av innvandrarar i norsk akademia: Dei som blir rekrutterte direkte inn i forskarstillingar gjennom internasjonal forskarmobilitet, og dei som går gjennom utdanningsløpet i Noreg.

- Men i denne omgang har vi ikkje greidd å lage noko godt skilje mellom dei to kategoriane. Det er noko vi ønskjer å sjå nærare på, sa ho.

Tynt kunnskapsgrunnlag

Statistikken er utarbeidd etter innspel frå Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking (Kif-komiteen). Bakgrunnen er at Kif-komiteen i 2014 fekk utvida mandatet sitt frå å berre jobbe med kjønnsbalanse i forsking, til også å inkludere mangfald, i første omgang etnisk mangfald. Då kom det fram at kunnskapsgrunnlaget når det gjeld etnisk mangfald i akademia, var ynkeleg tynt, og Kif-komiteen sette i gang eit arbeid for å rette på dette. Det første resultatet kom i form av rapporten Å være utlending er ingen fordel, som vart laga av Arbeidsforskingsinstituttet (AFI) i mars i år. Statistikken som no er lansert, representerer neste steg i datainnsamlinga.

- Intensjonen vår er at andre forskarar skal kunne bruke datasetta i eigen forsking, sa Gunnes.

Mangfaldsstatistikken inngår no som eit eige menypunkt i NIFU sin statistikkbank og skal brukast som grunnlag for det vidare arbeidet med etnisk mangfald i norsk akademia.

Foreslår tiltak

I etterkant av rapporten Å være utlending er ingen fordel, danna Kif-komiteen ei arbeidsgruppe som skulle foreslå tiltak for godt mangfaldsarbeid i norsk akademia. Gruppa presenterte framlegga på dagens lanseringsseminar. Dei foreslår mellom anna at institusjonane må lage tydelege strategiar for mangfaldsarbeidet, noko som er ein mangevare i dag, og at leiarar må få opplæring i mangfaldsarbeid. Gruppa foreslår også å skjele til tiltak som har fungert i arbeidet med kjønnsbalanse, slik som særskite opprykkstiltak og mentorprogram for minoritetar. Dei peikar dessutan på at KD med fordel kan bli tydelegare om forventingane sine til mangfaldsarbeid i dialogen med institusjonane.

Eitt av dei viktigaste funna i AFI-rapporten tidlegare i år, var at mange innvandrarar i norsk akademia, uavhengig av bakgrunn, ikkje kjende seg inkluderte på arbeidsplassen. Arbeidsgruppa legg difor vekt på tiltak for å skape inkluderande arbeidsmiljø. Statssekretær Bjørn Haugstad i Kunskapsdepartmentet, som innleia seminaret, vedgjekk at det kan krevje meir innsats å skape fellesskap i arbeidsmiljø prega av stor variasjon.

- Men eg er ikkje i tvil om at slike arbeidsplassar skapar dei beste resultata, og at innsatsen difor må sjåast som ei investering. Og den mest effektive måten å betre arbeidsmiljøet på, er gjennom små grep i kvardagen, sa han.

- Risikerer framandgjering

Marjan Nadim, forskar ved Institutt for samfunnsforsking, kom med ei åtvaring på slutten av seminaret:

- Å arbeide med kjønnsbalanse kan vere vanskeleg nok, men når det gjeld kjønn vil eg påstå at det stort sett er samsvar mellom korleis folk oppattar seg sjølve og korleis andre ser på ein. Slik er det ikkje med etnisitet. Det er ein fare for at vi gjennom arbeid med mangfald kan tilskrive folk ein etnisk annleisheit som dei ikkje kjenner seg heime i. Og den kjensla kan kanskje bli ekstra tydeleg i akademia, der vi likar å tru at det berre er kompetansen din som er viktig. Eg trur ein skal ta på alvor den framandgjeringa som potensielt kan liggje i denne typen mangfaldsarbeid, sa ho.

Å finne mangfaldstiltak som treff dei rette personane, er ei utfordring for institusjonane. (Ill.foto: Erik Norrud)

Andelen innvandrarar i norsk akademia aukar kraftig, spesielt innanfor teknisk-naturvitskaplege fag. Ill.foto: Erik Norrud.

- I neste omgang vil vi gjerne sjå meir på landbakgrunnen til innvandrarane, og korleis dei fordeler seg på region i Noreg, sa Hebe Gunnes som presenterte mangfaldsstatistikken.

Fakta

Mangfaldstatistikken gjev oversikt over innvandrarar og etterkomarar av innvandrarar mellom forskarpersonell og teknisk-administrativt personell med høgare utdanning, i norsk akademia i åra 2007, 2010 og 2014. Nokre hovudfunn:

Innvandrarar og etterkomarar utgjorde ein fjerdedel av forskarpersonalet i 2014. Andelen har auka frå 17 prosent i 2007, og auken er størst for stipendiat- og postdoktorstillingar.

I 2014 var andelen høgast ved universiteta og høgskulane (27 prosent), og lågast ved helseføretaka (20 prosent).

Det er flest innvandrarar og etterkomarar innanfor matematikk og naturvitskap (45 prosent) og teknologi (34 prosent), og færrast innanfor samfunnsvitskap (17 prosent).

Kvinneandelen er høgare mellom professorane med innvandrarbakgrunn (29 prosent) enn mellom professorar elles (26 prosent).

Instituttsektoren har høgare innslag av innvandrarar og etterkomarar i stillingar som krev doktorgradskompetanse (forskar 1, forskar 2 og postdoktor), enn i øvrige faglege stillingar.

Lærestadene med flest vitskapleg tilsette med innvandrarbakgrunn i 2014 var NTNU, Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen.

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Forskerforum 10.06.2024
Nav dyttar ofte folk mot digitale kanalar, sjølv når det er openbert at dei ikkje greier å bruke dei. Det seier forskar Sara Hofmann, som heller kaldt vatn i blodet på teknologioptimistane.
Forskerforum 10.06.2024
Forskerforum 10.06.2024
Skadelig påvirkning på nett utøves av både fremmede stater og rent kommersielle aktører. Det er et kaos, sier Eskil Grendahl Sivertsen.
Forskerforum 10.06.2024
Å tenke høyt sammen med en håndverker mens hånden stryker over stålplatene på et gammelt skipsskrog, det er forskning for Håkon Sandåker.
Forskerforum 10.06.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt