I samarbeidet, kalla Universitetsskoleprosjektet, eksperimenterer deltakarane med ny undervisning og praksis i skulen og i lærerutdanninga. Dette blir støtta opp med seminar og faste møte mellom dei ulike aktørane og FoU-arbeid mellom tilsette i skulen og stipendiatar, masterstudentar og andre forskarar og tilsette ved ILU.
Ei heilskule-tilnærming til berekraft
I ei heilskule-tilnærming gjennomsyrer berekraft alt skulen gjer. Både innhald, arbeidsmåtar, leiing og drift er prega av eit felles mål om å bidra til eit berekraftig samfunn. I dette prosjektet bruker me i stor grad modellen under til å illustrere dei ulike elementa som skulen består av, og som inngår i denne heilskule-satsinga.
Modellen er utvikla gjennom forskergruppa 'UBU i praksis' ved ILU og fagmiljøet rundt Arjen Wals ved Wageningen Universitet i Nederland. Modellen har vore eit viktig verktøy i universitetsskulesamarbeidet for å forstå kompleksiteten i ei heilskule-tilnærming og for å kunne sjå dei ulike elementa i samanheng. Meir informasjon om modellen kan de finne her.
Tilpassa frå Wals & Mathie, 2022
Frå enkeltståande prosjekt og personar til ein felles kultur
Gjennom dei fem åra med universitetsskulesamarbeid har me gjort oss fleire erfaringar med å utvikle ei brei forståing av kva ei heilskule-tilnærming til berekraft inneber, og korleis det kan sjå ut i praksis.
Samtidig har samarbeidet i stor grad bestått av enkeltståande prosjekt og personar

































































































