Fosforet som er brukt i kunstgjødsel, er stort sett henta frå gruver i Vest-Sahara og Kina, men desse er på veg til å bli tomme. Dette kan ha store følgjer for den globale matvareproduksjonen.
Fosformangel vil i framtida gjere at prisen på kunstgjødsel skyt i veret. Då vil det vere vesentleg for landbruket å kunne utnytte det fosforet ein finn i avfallsprodukt frå husdyrhald, fiskeoppdrett og andre delar av matvaresystemet.
Stipendiat Eva Brod har i doktorgradsarbeidet sitt ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) sett på fosfor og kva som blir brukt og går tapt i norsk landbruk, fiskerinæring, matprosessering og avfallsbehandling.
Ho har også undersøkt kva slags gjødslingseffekt dei ulike fosforprodukta har samanlikna med kunstgjødsel og korleis ein kan ta omsyn til dette i gjødselplanlegging.
Brod etterlyser strengare regelverk på fosforbruk i landbruket og oppdrettsnæringa. Dessutan meiner ho det må bli ei snarleg satsing på utvikling av ny og betre teknologi som kan fange