Bondebladet
12.03.2020
Er det på tide å skape nytt liv i Norske melkeprodusenters landsforbund (NML), som ein næringsorganisasjon for aktive mjølkebønder? spør Elling Aarsland.
Norges Bondelag er glad i alle, men mjølkebonden på Vigrestad meiner organisasjonen må gjere meir for den aktive bonden.
- Ta utkjøpsordninga for mjølk til dømes: Det er svært mange utleigarar av mjølkekvotar som vil selje kvoten. Bondelaget fekk åtvaringar om dette, men likevel vart dei samde om å ikkje trekkje på grunnkvota, fordi då ville alle bli sure. Framfor at alle bidrar likt, skal nokon få aktive framtidsprodusentar som leigde kvotar ta mykje av nedgangen. Dette finn eg svært usolidarisk. Her har ikkje Bondelaget vore merksame nok. Eg foreslår at ein må endre dette, og at produsentar som mister leigekvoten, får tilbod om å kjøpe tilbake 50 prosent av mista volum