- Dette er eit klart brot på reglane, og vi gir VGTV ei åtvaring for brotet, seier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør i juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet, i pressemeldinga.
Sponsa premiar i eit program skal ikkje presenterast meir omfattande enn det som er nødvendig for å få vite kva premien er, og kven som har gitt han, skriv Medietilsynet.
VGTV uttaler til Medietilsynet at det er sett i verk konkrete tiltak for å sikre at regelverket blir følgt i framtida.
- Vi er tilfredse med at VGTV har gått gjennom rutinane sine for å sikre at reglane blir følgde. Medietilsynet har gitt sanksjonar i form av åtvaring i liknande saker hos andre aktørar. Derfor får VGTV tilsvarande reaksjon, seier Sekkelsten.
Image-text:
Morten Hegseth og Vegard Harm på besøk hos Senkveld på TV 2 i 2019.
Foto: Helene Kjærgaard Sviland / Senkveld / TV 2 / NTB