Endre på systema for vurdering, evaluering og meritering i forsking
Klarare regelverk for intellektuell opphavsrett og personvern
Skape openheit omkring forlagsavtalar og kostnadar knytt til vitskapleg publisering
Utvikle prinsipp og retningsliner for handtering, deling og gjenbruk av forskingsdata
Skape felleseuropeiske digitale forskingsinfrastrukturar
Involvere forskarar og andre brukarar av forsking meir i arbeidet med Open Science Såkalla Open Access, eller open tilgang til publisert forsking, er eit første steg på vegen mot Open Science, men er altså ikkje tilstrekkeleg, ifølgje EU. Det langsiktige målet er ein meir open måte å utføre, kommunisere og utnytte forsking på, noko som mellom anna inneber løysingar for deling og gjenbruk av forskingsdata, og å involvere samfunnet i forskinga i større grad enn no. Kva skal telje som publikasjon? I paneldebattane påpeikte mange at det er meiningslaust å krevje at forskarar skal publisere forskingsresultata sine med open tilgang, og samstundes tildele forskingsmidlar og stillingar på bakgrunn av kva for tidsskrift forskarane har publisert i. Eit breiare spekter av evalueringsformer er difor ein føresetnad for at full open tilgang til forskingsresultat skal bli ein realitet. Vi er nøydde til å tenkje nytt om kva som tel som ein publikasjon. Ein kan ikkje avgrense det til artiklar og monografiar, ein må inkludere ei større breidde av format og kanalar, og ein må ta omsyn til at forskingsresultat innanfor ulike fagområde ikkje har same levetid. Ein medisinsk publikasjon kan vere utdatert etter nokre månader, medan innanfor matematikk kan eit resultat vere like gyldig etter mange år, sa president i Det europeisk forskingsrådet (ERC), Jean-Pierre Bourguignon. Treng samarbeid Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Bjørn Haugstad, kommenterte i si innleiing at det i dag blir lagt for mykje vekt på kvar forskarar publiserer, og for lite på kvaliteten og reproduserbarheiten i det dei publiserer. Pengar er ekstremt viktig. Dersom forskarane opplever at stillingar og prosjektmidlar føreset at dei publiserer på gamlemåten, kjem vi ikkje langt. Samstundes vil det ikkje ha stor effekt om éin aktør gjer noko åleine, difor er samarbeid så sentralt, seier han til Forskerforum. Den norske regjeringa har nyleg sett ned ei arbeidsgruppe som skal kome med framlegg til nasjonale retningsliner for open tilgang til forskingsartiklar.