Både legen og fleire av vedkomande sine pasientar måtte ta del i NAV sitt forskingsprosjekt «Forsøk med ny medisinsk vurdering». Verken legar eller pasientar blei spurde om å gi sitt samtykke til forskinga.
Pasientane var langtidssjukemelde, og forskinga skulle undersøke om ei vurdering frå ein annan lege kunne bidra til å få dei raskare tilbake i jobb. Prosjektet omfatta rundt 1 000 pasientar og eit ukjent tal legar.
- Dette har vore vanskeleg for pasientane mine også. Oppfatninga er at NAV har brukt deira forskingsdata i ei sak mot meg, og at det har fått alvorlege konsekvensar. Pasientane har opplevd det som eit overtramp, seier legen.
Det var NAV Kontroll som fekk tilgang til forskingsdata i samband med tilsynssaka. NAV Kontroll skal mellom anna avdekke misbruk av ytingar frå NAV. I utdraget frå tilsynsvedtaket blir fleire opplysingar frå forskinga gjengitt, mellom anna pasientane sine helseopplysingar.
Meldt til Datatilsynet
Legen tok kontakt med De nasjonale forskningsetiske komiteene med ønske om vurdering av mogelege brot på anerkjende forskingsetiske normer. Etter behandling i Nasjonalt utvalg for gransking av ured