AddToAny

La journalistar få jobba for dagpengar

La journalistar få jobba for dagpengar
Er det ein gong folk burde få jobba for trygd, er det nå.
Dei siste dagane har eg gått og kjent meg litt unyttig, til tross for at eg har føremiddagane fulle som «lærar» for familiens førsteklassing.

Eg har misunnt alle som har helsefagleg utdanning, dei som flyttar på senger, sjauar og riggar til lokale korona-hospital, dei som sel maten me treng. Kort sagt, folk som har viktige jobbar samfunnet ikkje kan greia seg utan i krisetider som dette.

Dei alle fleste menneske har eit djupt ønske om å få gjere ein forskjell, bety noko for andre og vere med i ein flokk i eit felles oppdrag.

Ønsket om å vere til nytte

Sjølv er eg ein som går åleine, frilansjournalist på sjette året.

Dei siste åra har eg drive mykje med feature-reportasjar, samt hus og hytte-stoff. I ei tid der me helst ikkje skal møta framande, og kor det for dei fleste er ulovleg å vera på hytta, seier det seg sjølv at det er blitt svært vrient å laga slike saker. Og det er heilt ok. Det er ei tid for alt. Nå er det andre tema som krev merksemd.

Tanken var å tilby meg å laga aktuelle saker til ulike publikasjonar, men eg la fort vekk ideen. Snart vil mediehusa truleg ikkje ha pengar til å lønne sine eigne fast tilsette, då har dei i alle fall ikkje råd til kjøpe saker frå ein frilansar, innsåg eg.

Lokalt ser eg lokalavisa blø og permittera, snart vil nok mange både mellomstore og store mediehus følgja etter, om unntakstilstanden blir langvarig.

Enn så lenge ser eg journalistkollegaer jobba natt og dag med å få ut korona-informasjon til folket. Samstundes breier det seg ei uro for kva som vil skje når mange journalistar blir permitterte. I tillegg får mange journalistar mindre effektive dagar fordi dei også må ta vare på små barn.

Kven skal då syta for at innbyggarane får nok kvalitetssikra informasjon om korona-tilstandane?

Dagleg kan me lesa om helsepersonell, både pensjonerte og slike som ikkje har jobba i bransjen på lenge, melde seg til innsats i helsevesenet.

Det trengst mange journalistar

Eg meiner det burde vera mogleg også for journalistar å melde seg til teneste. Det vil seie at permitterte journalistar, om dei vil, må få kunna jobba for NAV-ytingar. Likeeins bør det vera mogleg for frilansarar å gjere ein innsats, for nå vil også me få dagpengar frå NAV, dersom me står utan betalte oppdrag. Er det ein gong folk burde få jobba for trygd, er det nå.

Mange journalistar utfører ei viktig oppgåve av stor samfunnsnytte i desse dagar, gjennom å halda innbyggarane informerte om kva vedtak som blir gjort, og kva følger desse får i korona-krisa. Å la journalistar få arbeida for dagpengar, kan hindra at mediemangfaldet blir strupt i ei tid då ein verkeleg treng vaktbikkjer på post i heile landet.

Image-text:

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix

Les mer

Flere saker fra Journalisten

Spalten uttrykker skribentens egne synspunkter. «Gidske Olivia Anderson var ikke et ønsket barn.» Slik starter Alf Ole Ask og Elin Sørsdahls bok ...
Journalisten 28.09.2023
Amedia og Schibsted har signert en intensjonsavtale for å sikre videre distribusjon av papiraviser og pakker, seks dager i uken, i en så stor geografi ...
Journalisten 27.09.2023
Document brøt Vær varsom-plakatens punkt 4.3 om å vise respekt for menneskers egenart og etnisitet.
Journalisten 27.09.2023
Avisa Norge IDAG ble felt av Pressens Faglige Utvalg (PFU) da utvalget behandlet to klager mot samme artikkel i avisa under møtet onsdag 27. ...
Journalisten 27.09.2023
Avisa Nordland gikk fri i Pressens Faglige Utvalg (PFU) onsdag, etter å ha bli klaget inn av tre medlemmer av Rødt Bodø.
Journalisten 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt