AddToAny

Kunst og arbeid

Kunst og arbeid
ANMELDT - gjennom KAM-prosjektet: Norsk industriarbeidermuseum
Det krev litt tid og innsats å skaffe seg oversikt over det omfattande tilbodet til Norsk Industriarbeidermuseum, som forvaltar og formidlar forteljinga om den industrielle verdsarven i Telemark. Ein laurdag i februar var eg på veg til Telemark, men då eg reiste frå Oslo, var eg framleis ikkje heilt sikker på kvar eg skulle og kva eg skulle sjå under museumsbesøket, trass i at eg allereie hadde brukt ein del tid på nettstaden deira. Så snart eg var fysisk på plass i Telemarksgalleriet på Notodden fekk eg endeleg oversikt over kva som høyrer til dette store, industrimuseale komplekset, med seks avdelingar, delt på fem filialar: Telemarksgalleriet på Notodden, Tinn Museum, Heddal Bygdetun, Rjukanbanen og Vemork på Rjukan, samt Verdensarvsenteret, som er del av filialane på Notodden og Rjukan. Ei vanleg vinterhelg i februar er ikkje alle filialane opne, og denne meldinga er difor basert på besøk ved Telemarksgalleriet på Notodden og kraftstasjonen på Vemork, i tillegg til Verdensarvsenteret begge stadar. Så langt eg forstår, er dette avdelingane som gir best innblikk i industri- og arbeidarhistoria i området.

Telemarksgalleriet ligg i gamle Tinfos Papirfabrik. (Foto: Tomasz Wacko, NIA)

Industriarven i Telemark fekk UNESCO-status i 2015 og inneheld ifølgje nettstaden deira 97 såkalla «signifikante objekt», spreidd over 92 kilometer i fylket. For ein som knapt har sett sine føter i Telemark, kan det vere vrient å sjå kva som er «signifikant» og ikkje når ein køyrer gjennom kulturlandskapet. Då eg dagen etter stod framfor den monumentale kraftstasjonen på Vemork og såg dei lange røyra som fører Rjukanfossen inn i turbinane i kraftstasjonen, var eg likevel ikkje i tvil: Dette er temmeleg signifikant.

Frå bygd til by

Sjølv om eg er ganske grøn på geografien i Telemark, kjem eg ikkje heilt ubudd til fylket. Eg har lese, og lese på ny, Amalie Kasin Lerstangs diktsamling «Vårs» (2018), som handlar om livet på Notodden - «tødd life», som ho kallar det - og om industriarven, stadarven og den sosiale arven der:

Er det rart man ikke blir den man er men akkurat som omgivelsene stedsarven bensinblodet kunstgjødselskjelettet jernverk i musklene og fossefallet spruter ut av alt som tør å åpne seg kjeften tårekanalene livmorhals mormunn

Dikta til Lerstang fortel om ein arv som set seg i kroppen, som gjer ein til noko meir og anna enn eit «eg», til ein del av eit «vårs». Dikta gjer meg nysgjerrig på kva slags arv denne staden ber på, og vekkjer interessa mi for mykje av det Norsk Industriarbeidermuseum kan by på. «[E]n by er et sted som har eksplodert», skriv Lerstang i eit av dikta, og inne i den permanente utstillinga «Gnisten» i Telemarksgalleriet får eg sjå kva som ligg i det.

«Det ligger i vår natur» ligg i eit flott utstillingslokale, der det er høgt under taket og godt med plass for både måleri, gjenstandar og besøkande. (Foto: Tomasz Wacko, NIA)

Men før eg kjem dit har eg rusla rundt ganske lenge inne i kunstutstillinga «Det ligger i vår natur», som markerer Den Norske Turistforenings 150-årsjubileum - rett nok eit år på etterskot. Telemarksgalleriet ligg i gamle Tinfos Papirfabrikk, og omgivnadane set sterkt preg på opplevinga, både utanfor og inne i galleriet. «Det ligger i vår natur» ligg i eit flott utstillingslokale, der det er høgt under taket og godt med plass for både måleri, gjenstandar og besøkande. Her kan ein mellom anna sjå fleire måleri av Rjukanfossen - sjølve ur-kjelda for kraftindustrien i området - til dømes Johannes Flintoes måleri frå 1821. Elles er det ei lang rekkje kunstklassikarar frå norsk natur her, av mellom andre Hans Fr. Gude, J. C. Dahl, Theodor Kittelsen og Peder Balke. Også kart- og bokverk av den finlandsvenske landmålaren Wilhelm Maximilian Carpelan er stilt ut og presentert på ein interessevekkjande måte.

Den permanente utstillinga «Gnisten» er likevel ein meir naturleg stad å starte om ein skal få in

Les mer

Flere saker fra Museumsnytt

ANMELDT - gjennom KAM-prosjektet: «Klima for endring» Norsk Oljemuseum, Stavanger
Museumsnytt 24.06.2019
Appen med navnet ID-Art vil gi tilgang til en base med en betydelig mengde objekter fra hele verden. Politiets register over stjålet kunst blir åpent for alle.
Museumsnytt 18.06.2019
Fylkeskommunene og kommunenes bidrag til driften av disse museene opphørte i 2002; Da ble forvaltningsansvaret overført til Sametinget, i tråd med prinsipper om samisk selvråderett.
Museumsnytt 12.06.2019
Det er fredag før palmesøndag i Bodø, når Museumsnytt møter Ole Jakob Furset, sjefen for museumsseksjonen i Kulturrådet. Lokala er påfallande innreia nøyaktig som på kontoret til Kulturrådet i Oslo, og sikkert også i Trondheim.
Museumsnytt 12.06.2019
- Vi blir stadig spurt hvorfor vi ikke fotograferer objektene. Dagens kameraer og 3D-scanning er bra, men selv om vi er vilt begeistret for digitaliseringen kommer vi hele tiden tilbake til å tegne for hånd.
Museumsnytt 06.06.2019

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batliv bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten golferenno gravplassen gullur handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalen journalisten juristkontakt kampanje khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt musikkultur natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse psykologiskno religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sno-ski sykepleien synkron tannhelsesekreteren teknisk-ukeblad Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt