AddToAny

Kunst i UDs teneste

Kunst i UDs teneste
Politiske og økonomiske interesser er viktigast når UD promoterer norsk kunst i utlandet. Men ingen snakkar høgt om det.
Kunst er ei vare som skal seljast.

Ein slik ideologi er vel typisk for Høgre/Frp-regjeringa? Men det same tankegodset har også prega den raudgrøne kulturpolitikken på utanriksfeltet, der Utanriksdepartementet (UD) bruker kunst for å promotere norske økonomiske interesser.

- Når det gjeld marknadstankegangen til UD på kulturfeltet, er det liten forskjell på raudgrøn og blåblå regjering, seier forskar Ola K. Berge ved Telemarksforsking.

Han har skrive doktorgradsavhandling om den kulturpolitiske verksemda til UD, som han skal forsvare ved Høgskulen i Søraust-Noreg.

I prosjektet har han sett på korleis UD forstår og utøver kulturpolitikk i utanrikspolitiske samanhengar.

- UD prøver å tone ned dei instrumentelle målsetjingane, nemleg at kunst og kultur blir brukt politisk for å fremje norske interesser. Heller ikkje kunstorganisasjonane som administrerer støtteordningane, er opptekne av å snakke om dette, seier Berge.



Kritikk mot UD

I Noreg er kulturpolitikken fordelt mellom to departement. Kulturdepartementet har ansvaret for Noreg og Norden, medan UD har ansvar for all annan internasjonal kulturpolitikk. Før 2000 forvalta UD sjølv midlane til utlandskultur, og departementet valde ut kva kunst som skulle til utlandet.

- Typisk for tidlegare tider var å sende Kjell Bækkelund til utlandet for å spele Grieg. Men etter kvart kom det kritikk av ordninga. Diplomatane i UD mangla fagkompetanse til å gjere slike utval, og då UD sjølv stod for utvalet, vart dei politiske og økonomiske målsetjingane lagde til grunn, ikkje dei kunstfaglege. Denne kritikken sit nok i enno, meiner Berge.

I 2000 vart ansvaret delegert til sju organisasjonar innan kunstfelta musikk
Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt